Kriseleiinga i Vestnes anbefalar alle å bruke munnbind i butikkar, kjøpesenter og kollektivtransport på grunn av smitteutbrota i Ålesund og Hustadvika.
Frå midnatt innfører Ålesund, Sula og Giske kommunar ei lokal forskrift som er strengare enn dei nasjonale retningslinjene. Det fører til at ei rekke verksemder må stenge, og det er innført skjenkestopp og påbod om heimekontor.
Kriseleiinga melder at det er kontroll på smittesituasjonen i Vestnes, men dei ber folk likevel vere forsiktige.
– Vestnes kommune føl situasjonen i nabokommunane tett og vurderer fortløpande om lokal forskrift skal innførast. Vestnes kommune kjem med ei sterk anbefaling om at alle bør bruke munnbind når dei er i butikkar eller kjøpesenter og når ein reiser kollektivt, skriv kriseleiinga i ei pressemelding.
Det er også anbefalt å bruke munnbind der ein ikkje kan halde einmetersregelen. Elles vert innbyggjarane i Vestnes oppmoda til å handle lokalt og å ha få nærkontaktar.
Kommuneoverlege Sabine Relling Bredeli skryt av innbyggarane i Vestnes, og seier at når ein har kome med anbefalingar har folk vore flinke til å følgje desse.
Vestnes kommune ber også om at personar som har vore på Coop Obs Bygg på Molde Storsenter fredag eller laurdag er ekstra merksame på symptom på sjukdom. Ein tilsett er stadfesta smitta av corona, og kundar kan ha vore utsett for smitte. Dette gjeld kundar som har vore innom butikken fredag 23. og laurdag 24. april.
I tillegg ber kriseleiinga om at personar som har vore i Ålesund på følgjande stadar er ekstra merksame og går i karantene umiddelbart dersom ein får symptom på sjukdom:
Restaurantane Anno og Tollboden
Det er påvist smitte både blant tilsette og gjestar 17. og 18. april.
Dersom du har vore nokon av desse stadane i perioden 16. til 19. april, må gå i karantene og teste deg dersom du får symptom.
Klesbutkken Modo Amfi Moa
Det er påvist smitte blant tilsette. Dersom du har vore innom i peroiden 19. – 21. april må du gå i karantene og teste deg dersom du får symptom.
Modo Ålesund Storsenter
Dersom du har vore innom i peroden 19. eller 20. april må du gå i karantene og teste deg dersom du får symptom.
– Dei som får symptom må gå i karantene umiddelbart og bestille time for testing. Kunder som ikkje har symptom treng ikkje å teste seg eller gå i karantene, opplyser kommuneoverlege Sabine Relling Bredeli.
– Ein minner også om at alle må ta telefonen dersom eit ukjent nummer ringer til deg. Det kan vere smittsporingsteamet som forsøker å få kontakt, skriv Vestnes kommune på sine heimesider.