Vestnes kommune melder om 15 nye smittetilfelle i Vestnes torsdag ettermiddag. Tolv er tilknytt VARD, medan tre er arbeidarar hos ein underleverandør til Aas Mekaniske Verksted.
Alle femten har vore i karantene sidan ankomst til Vestnes, i følgje pressemeldinga frå Vestnes kommune.
Nokre av dei som har testa positivt er nærkontaktar og har vore i same reisefølgje som personar som tidlegare har fått påvist corona. Dei smitta hos VARD er no i isolasjon på Trohaugen.
Fire av dei positive testan er «usikre positive» og vil bli testa igjen. Nokre av dei smitta har testa positivt på flyplassen ved innreise. Alle skal etter det Vestnesavisa får opplyst ha framvist dokumentasjon på negativ test tatt innan 72 timar før ankomst til Norge.
200 arbeidarar er no ferdige med karanteneopphald og testing. Mange vil bu på VARD sine brakkeriggar i området for ordinære opphald, medan andre vil flytte til bustadar dei disponerer i regionen.
Så langt i januar er det registrert 56 smittetilfelle i Vestnes.
I pressemeldinga skriv Vestnes kommune at flesteparten av arbeidarane no har kome tilbake til Norge etter juleferie.
– I løpet av januar håpar ein at dei fleste arbeidarane skal kunne vere på plass. Mange har forlenga sine rotasjonar for å redusere reising inn og ut av landet, men det vil framleis vere behov for ein del utskifting av fagpersonell, samt tilreisande servicepersonell i dei ulike fasane av prosjekta i tida som kjem, står det i pressemeldinga.
Dei 3 tilreisande arbeidaren frå ein underleverandør av Aas Mek. Verksted testa positivt for covid-19 etter ankomst.
To av dei testa positivt etter ankomst. Ein testa positivt på flyplass ved innreise. Også her skal det ha blitt framlagt dokumentasjon på negativ test tatt i heimlandet innan 72 timar før ankomst til Norge. Nærkontaktar til dei smitta er allereie i karantene.
VG melder i dag at det har blitt påvist 70 smittetilfelle i Vestnes sidan nyttår. (Vestnesavisa har ikkje ansvar for innhald på eksterne lenker.)
Vestnes kommune opplyser i pressemeldinga i dag at det er 56 tilfelle som er registrert sidan nyttår.