ILA-utbrot under kontroll på Vågstranda

Det er påvist infeksiøs lakseanemi (ILA) ved oppdrettsanlegget på Reistad. Diagnosen vart slått fast den 7.desember. Det er Mattilsynet som varslar om dette i ei pressemelding.
– Vi har kontroll på situasjonen og jobbar no med å finne gode løysingar i tett samarbeid med Mattilsynet. Med tanke på dei økonomiske og produksjonsmessige konsekvensane for Salmar Genetics AS, har vi heldigvis to solide eigarar i Salmar og Benchmark Genetics. Vi kan dermed ivareta dei tilsette på best muleg måte, dersom vi i verste fall skulle bli utan fisk og rogn i ei kortare periode, fortel Gøran Roland, dagleg leiar i Salmar Genetics AS, som legg til at fisken som er ILA ramma, tilhøyrer Salmar Farming, fisk som Salmar Genetics på Vågstranda lagar rogn av.
Kontrollområde
– Alle som ferdast i området og driver aktivitet knytt til fiskeoppdrett, må vise naudsynt aktsemd , slik at spredning av eventuell sykdom kan unngåast, skriver Mattilsynet.
Salmar Farming AS varsla sjølv Mattilsynet Region Midt den 26. november om funn som gav grunn til mistanke om ILA etter analyse av prøvar frå fisk. Diagnosen vart stadfesta den 7. desember.
I pressemeldinga til Mattilsynet forklarar dei situasjonen slik: « For å avgrense smittespredning, er lokaliteten ilagt restriksjonar, mellom annet med forbod mot flytting av fisk og rogn utan særskilt løyve.
– Det vil også om kort tid bli etablert eit kontrollområde for å førebygge, avgrense og bekjempe ILA, skriv Mattilsynet.
Eit kontrollområde består av ein bekjempelsessone og ein overvakingssone og vil medføre restriksjonar mellom anna på trafikk i området omkring lokaliteten. Kontrollområdet må forventast å ha ei utstrekning på ca 10-20 km frå lokalitetar ned ILA.
Dette er ILA
ILA forårsakast av et virus som kan føre til sjukdom hos laks. Regnbogeaure kan bli smitta, men utviklar vanlegvis ikkje symptom på sjukdommen ILA. Viruset er ufarleg for menneske.
Lokaliteter med påvist ILA skal slakte ut eller destruere laksen, reingjere og desinfisere anlegget før det skal ligge brakk i minimum tre månadar.