2020 vart eit labert år for Vestnes Musikkverksted. Som for så mange andre førte corona til at aktiviteten stupte. Med sterk nedgang i inntektene vart det ei utfordring. Likevel vert det satsa tungt på 2021.
– Me fekk gjort lite i 2020. Men me håpar å kunne ta det att i 2021, seier leiar i Vestnes Musikkverksted, Eldbjørg Reite til Vestnesavisa.
Vestnes Musikkverksted fylte 30 år i fjor. Men noko feiring vart det ikkje. Corona sette ein elegant stoppar for det. Difor sette gjengen i Vestnes Musikkverksted i gang med å ruste opp lokala og utstyret i staden.
– No har me eit nytt studio som medlemmane kan bruke. Så me håpar at 2021 gir rom for auka aktivitet og fleire rundar i studio enn i fjor, seier, Britt Alvhild Nerhus.
Julerocken, som er den største arrangementsinntekta til Vestnes Musikkverksted måtte avlysast i fjor. Men ved hjelp av litt sponsormidlar og støttemidlar elles har det gått greitt for musikkverkstedet.
– Julerocken er hovudinntekta vår. Så me var avhengig av støttemidlar. Det er ikkje nok med berre medlemskontingenten, seier Nerhus.
No håpar duoen på fleire medlemmar. Det er i dag ti-tolv band som spelar fast i øvingslokala. Eitt av banda held også på med plateinnspeling.
– Det er mange som nyttar tilbodet til Vestnes Musikkverksted. Men det er alltid rom for fleire, seier Reite.
Det nye studioet gir eit betre tilbod til medlemmane. Det er også ope for å leige studioet av andre enn medlemmar.
– Det er ikkje berre å sette i gang med studioutstyr. Det krev kunnskap om bruken. Difor må alle ha med seg personell som er trent på utstyret. Medlemmar får låne gratis, men også andre kan leige studioet, seier Reite.
Musikk og kultur står høgt i kurs i Vestnes. På landsbasis er det mange store namn som kjem frå Vestnes, og dersom aktiviteten held seg, har me neppe sett slutten på det.
– Det er viktig å ta vare på ein slik institusjon som Vestnes Musikkverksted. Difor håpar me på medlemsvekst, og vil jobbe hardt for å bli betre enn me allereie er. Her treng ein berre å ta med gitaren og bli med, seier Nerhus.
Musikkverkstedet stiller med slagverk, keyboard og PA-anlegg i alle øvingsrom. Det einaste ein treng å ta med seg er gitar og bass. I tillegg leiger dei ut utstyr og instrument til arrangement.
– Me er allsidige, og ønsker å vere eit lågterskeltilbod. Ein kan kome hit for å lære å spele. Ein treng ikkje vere kjempeflink for å bli med. Me likar å tru at det er litt kulare å vere her og spele enn heime på rommet, seier Reite.
Spesielt håpar Reite og Nerhus at fleire jenter vert med i miljøet. Det er i dag stor overvekt av menn som spelar på Vestnes Musikkverksted.