Fleire kulturorganisasjonar har bestemt seg for at bunad og bunadsbruk bør inn på UNESCO si liste over representativ kulturarv. Vestnes Husflidslag er med på å utforme søknaden.
UNESCO er FNs avdeling for undervisning, vitenskap, kultur og kommunikasjon. Det er ein organisasjon som passa på å ta vare på forskjellige ting som er bevaringsverdig.
I 2003 kom det ei ny liste over immateriel kulturarv.
– Det er kunnskapen omkring kulturarven vår. Tinga som ikkje er ting, kan Helene Henriksen fortelja til medlemmane i Vestnes Husflidslag.
Norges Husflidslag har saman med Norsk institutt for bunad og folkedrakt, Noregs Ungdomslag, Norsk folkedraktforum og Studieforbundet kultur og tradisjon bestemt seg for at bunad og bunadsbruk bør inn på lista over representativ kulturarv.
Det er eit prosjekt som Norges Husflidslag har vore involverte i gjennom fleire år. Planen er å sende ein søknad til UNESCO til våren. Søknaden skal innehalde innspel frå alle organisasjonane som er innvolverte. Søknaden kan innvilgast i 2024.
Dei fem kulturorganisasjonane skal utforme søknaden
Rundt omkring i landet har det i år vore samtalar om temaet. Vestnes Husflidslag er ein del av prosjektet. Måndag kveld vart gjengen samla for infomøte.
Gruppearbeid stod blant anna på planen. Her skulle husflidslaget svare på spørsmål rundt bunadsbruk.
Svara skal samlast inn og sendast til Norges Husflidslag som summerer desse. Dei skal bake det inn i søknaden.
Søknaden vert sendt gjennom Kulturdepartementet som offisielt søkar til UNESCO. Men det er dei fem kulturorganisasjonane som utformar søknaden.
Kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen skriv namnet sitt på søknaden.
70 prosent av alle kvinner og 20 prosent av alle menn har ein bunad
Helene Henriksen seier til Vestnesavisa at det ikkje er så mange land i verda som har ein sånn bruk av folkedrakta som vi har her til lands.
– Det er knapt nok i dei andre nordiske landa at det er så utbreidd, seier Henriksen.
– 70 prosent av alle kvinner og 20 prosent av alle menn har ein bunad i Noreg. I dei fleste andre land så er gjerne folkedrakta knytta til spesielle aktiviteter som for eksempel dei som driv med folkemusikk eller jobbar på eit museum eller noko sånn, fortel Henriksen.
I Noreg er rett nok bunad noko som mange har. Difor blir det sett på som ein spesiell ting å ta vare på.