Etterspurnaden etter næringstomter har auka i Vestnes det siste halvåret. Det byrjar å minke på tilgjengeleg areal, og det vert jobba med å kjøpe meir.
– Me har ingen nye bustadtomter for sal i dag. Men me har merka ein aukande etterspurnad etter næringstomter, seier Øystein Hole ved eigedomsavdelinga i Vestnes kommune.
På Gjermundnes har det blitt selt ei tomt, og Vestnes kommune er i dialog med ACO Anlegg om sal av ei tomt til. ACO Anlegg har overtatt drifta av Gjermundnes Naturstein og treng areal for lagring av ferdigproduserte steinprodukt. Det er snakk om ei tomt på rundt 30 mål. NASTA har kjøpt ei tomt på om lag åtte mål like ved.
– Dersom me får i land avtalen med ACO Anlegg har me ikkje meir areal på Gjermundnes, seier Hole.
Det var litt utfordringar ved sal til ACO Anlegg då vilkåra for tomtesal tilsa at det skulle vere byggestart innan ei gitt tid etter salet. Men det er ikkje alle bedrifter som treng å bygge for å ha nytte av tomta.
– I dette tilfellet var det snakk om å ha arael til lagring av varer som toler å ligge ute. Så me måtte justere vilkåra for sal av næringsareal litt før me kunne gå vidare med ein eventuell avtale, seier Hole.
Snart tomt
På Trohaugen i Tomrefjord byrjar det også å minke på tilgjengeleg areal. Statens vegvesen har bandlagt ein del areal i påvente av endeleg avgjerd om kor traseen til Møreaksen eventuelt skal gå. Det har ført til utbyggingsstopp på delar av området.
Tomren Fish har kjøpt ein stor del av arealet som er tilgjengeleg, og ønskjer å kjøpe meir areal. Dette arealet er ikkje regulert enno og ligg ikkje i reguleringsplanen som næringsareal. Det må dermed ei reguleringsendring til før dette arealet kan seljast.
– Tomren Fish har opsjon på eit areal sør for næringsområdet. Men me må omregulere det i planverket før me kan selje. Det er i grunn ein formalitet, men det tar litt tid, seier Hole.
Ved industriområdet i Misfjordskogen har Vestnes kommune dialog med Opplysingsvesenet om kjøpe av meir areal frå dei. Vestnes kommune kjøpte ei tomt der tidlegare. Det vart då gjort opsjonsavtale om eit støre areal. Vlikåra var at Vestnes kommune måtte ha kjøpar til tomtene før ein avtale kunne kome på plass.
– No har me kjøpar til ei av tomtene. Me håpar å få gjennomført salet av dette arealet høveleg raskt. Me har opsjonsrett på to parsellar, og denne retten vil me benytte oss av, seier Hole.
Få bustadtomter
Etterspurnaden etter bustadtomter, spesielt for einebustadar, er forholdvis låg i Vestnes. Byggefeltet på Bakneset på Vikebukt er det mest aktive. Der har det blitt selt tre tomter den seinare tida. Det vert også jobba med å utarbeide fleire tomter i området.
I Åsbygda har Mørehus ytra ønskje om å kjøpe fem tomter der dei vil bygge to- og firemannsbustadar.
– Det vert bygd svært få einebustadar i Vestnes. Det er mest leilegheitsbygg, og nokre få fleirmannsbustadar. Så på bustadmarknaden har det vore lite aktivitet med tanke på tomter. Me vil likevel jobbe vidare for å ha tilgjengelege bustadtomter i alle bygdene i Vestnes, seier Hole.