Grisen står og hylar, syng Odd Nordstoga i «Kveldssong for deg og meg». Grisane til Natalie og Martin på Rekdal hylar ikkje så mykje. Dei er berre ivrige. På gamle «Skogan leirstad» prøver dei å bremse kvardagen og har funne sitt paradis.
Det er stille på tunet til Martin Furland og Natalie Sjøholt. I det døra vert opna, før ein rekk å trykke på ringeklokka kjem ein hund på storleik med ein liten bjørn ut døra. Med eit solig boff ønskjer gardshunden Gimli deg velkommen. Så vert det stille. Det vert med det eine boffet.
Paret kjøpte «Skogan leirstad» vinteren 2019, og flytta inn den kommande sommaren. Nærare bestemt 20. juni 2020. Den førre eigaren av huset hadde gjort det som trengst av papirarbeid for å omregulere eigedoman til bustad. Likevel var det var mykje som måtte pussast opp før ein kunne bu i huset.
Vil bremse tida
Martin og Natalie synest kvardagen byrja å gå litt fort. Då dei kjøpte leirstaden for å bu der fan ndei ut at dei ønska å bremse kvardagen. Dei vil prøve å unngå tidsklemma mange kjem borti.
– Det er godt å kome heim og så går det ikkje så fort. Det gir ein ro og ein kvardag som er meir harmonisk, seier Natalie.
Men kvifor Rekdal? Svaret på dette er at det ligg midt mellom arbeidsplassane deira. Natalie arbeider i VARD i Brattvåg, og Martin arbeider på Fiksdal skule. Då dei kjøpte huset arbeidde han på Helland.
Dotter deira Tuva stabbar rundt på golvet i stova. For å opne opp huset har dei rive ein vegg mellom det som i dag er spisestova og daglegstova. Ein kan sjå nesten tvers gjennom heile huset. På det høgste er takhøgda nærare fem meter.
– Det var litt utfordrande å finne eit høgt nok juletre som ikkje var så breitt, seier Martin med eit flir.
Snur ein seg og ser ut vindauget så får ein hakeslepp. Fjorden glitrar i den skarpe vårsola medan ein og anna lastebåten seglar forbi. Utover det er det berre fred og ro å observere.
– Det er litt trasig at Hurtigruta seglar så sjeldan no. Eg likar å sjå den segle forbi her, seier Martin.
Sjølvbergingsfamilie
Når dei først flytta til ein plass der dei er heilt for seg sjølv, ønska det unge paret å vere mest mogleg sjølvberga. Det er kort veg til naboane, men dei ser dei ikkje utan at nokon ruslar ned bakken til huset for å gå på tur.
– Det hender det kjem ein og anna og vert overraska over at det bur nokon her, smilar Martin.
Han karakteriserer seg som ein i overkant pratsom kar, så det vert ofte til at han står og pratar med dei som forvillar seg forbi.
For å vere mest mogleg sjølvberga har dei gått til innkjøp av både høner og grisar. Og ein grønsakshage er under opparbeiding.
– Det var ei lita utfordring med grisane. Me sette opp straumgjerde før grisane kom. Men det viste seg å ikkje vere nok. Så me måtte til med dobbelt gjerde for å halde dei på plass, seier Martin.
Grisane er av typen «Ullgris». Ein litt lodden gris, som vert rundt 120 kilo til slutt. Hønene tel 21 individ. Og så er det Gimli som ruslar rundt og passar på.
– Han er gamal, og høyrer dårleg, og eg veit ikkje kor godt han ser. Så det er litt så som så med vakthaldet hans. Men han er ein god kar, seier Martin.
I tillegg til at dei til slutt skal ende opp som mat, vert grisane brukt til jordførebuing med planar om plen. Graset rundt på eigedomen har ikkje vore stelt på fleire år, og det er kupert. Grisane grev mykje i jorda og vil på den måten hjelpe til med å kultivere jorda før plenen skal anleggast. Og så et dei opp mykje av matavfallet.
– Dei et det meste. Men me gir dei ikkje kjøt. Det er stort sett brød og grønsaker og slikt dei får av matavfallet. Me har til og med vener og kjente som kjem til oss med matavfallet sitt no for at det skal brukast til grisefor, seier Natalie.
Mange prosjekt
Å pusse opp ein gamal leirstad, og bygge både grønsakshager, grisehus og hønehus er berre noko av det dei held på med på Skogan.
Borti småskogen står ein gapahuk med flott fjordutsikt. Der er det både bålgruve og sitjebenkar utføre. Og nedom huset, heilt nede i strandkanten står det ein vedfyrt badestamp.
– Det er fantastisk å sitje her om kveldane i godt varmt vatn og høyre bølgjene slå mot land. Det er ein form for terapi, seier Natalie.
Vedhogst vert det også ein del av. Difor ønskte Martin seg ein traktor til dette formålet. Ein nabo i bygda skulle selje ein gamal traktor, og Martin fekk løyve frå Natalie til å fare og sjå på den.
– Me har tydelegvis litt ulik oppfatning om kva det vil seie å sjå på noko. For eg kom heim med traktor, flirer Martin.
Natalie himlar lett med augo før ho ler med.
Flotte oppvekstvilkår
Å bu slik til som Natalie og Martin gjer, gjer at dei ikkje treng å vere redd for bilveg og trafikk når dottera Tuva veks opp. Men sjøkanten er eit ankepunkt for dei.
– Det vert nok redningsvest når ho er ute. Foreløpig går det fint for ho er ikkje så stor at ho spring nokon plass åleine enno. Men det endrar seg fort, seier Martin.
Det er berre nokre få titals meter frå husveggen og ned til sjøen. Så det gjeld å passe på.
Gjenbruk er viktig
Norge har eit stort forbruk på hushaldningsartiklar, og Natalie synest alt for mykje fine møblar og anna vert kasta. Paret har difor stor merksemd retta mot gjenbruk. Det gir huset eit særpreg.
– Og så får møblar, inventar og anna ein eigen historie. Det synest eg er minst like gøy som å spare miljøet. Det er eit alt for stort forbruk i dag. Spesielt i Norge. Eg synest alle bør bli flinkare til å bruke opp att ting og handle brukt, seier ho.
Hønehuset er til dømes bygd av ei gammal bu som stod på ein ferjekai. Det reduserte både byggekostnad og miljøavtrykk.
Ved sida av huset står eitt stabbur. Dette er innreidd som anneks med soveplassar og ei lita stove. Inne i huset er det for øyeblikket ikkje så mange soverom. Og på sikt er planen å ha utleige av stabburet, gjerne via Air BNB.
– Me har litt erfaring med Air BNB frå den tida me budde i Trondheim. Det fungerer godt og då kan me også bidra til turismen i Vestnes, seier Martin.
Det er tydeleg at det ikkje er nokon idear som er for omfattande for det driftige paret på Rekdal. Det er berre fantasien som et grenser for dei.