I følgje karta til Norges geologiske undersøkelse (NGU) er det høge førekomstar av radongass i området rundt Rekdal. Men det kan vere andre område som har lokalt store førekomstar av radon i Vestnes.
Radon er ein usynleg og luktfri edelgass som vert danna ved nedbryting av grunnstoffet radium. Radium finn ein i dei fleste bergartar, men mest i uranrik granitt og alunskifer.
Gassen radon har dårleg evne til å binde seg til andre kjemiske stoff, og kan difor lett trenge inn i bygningar saman med jordluft. Gjerne gjennom sprekker i grunnmur. Konsentrasjonen av radongass i jordluft kan vere høg. Jordluft trekker inn i bygningar fordi lufta inne har lågare trykk enn i grunnen.
Må måle
Den einaste måten å finne ut om det er høge konsentrasjonar av radon i huset på, er å måle det. Det er fleire måtar å måle på, men sporfilm er den mest økonomiske måten.
Det kan oppstå høgare radonnivå ved sprenging av fjell. Område som ikkje har spesielt høge radonverdiar får plutseleg auka verdiar til dømes ved sprenging for å bygge hus. Det er då anbefalt å bruke radonsperre i grunnmuren for å redusere nivået av radongass.
Radon er radioaktiv og kan over tid føre til auka risiko for kreft. Radongass og dei datterprodukta som oppstår ved radioaktiv nedbryting avgir stråling. Den farligaste typen stråling i den samanhengen er alfastråler. Verdens helseorganisasjon (WHO) peikar på at radon er den nest viktigaste årsaken til lungekreft. Berre røyking utgjer ein høgare risiko med omsyn til lungekreft.
Tiltaksgrenser
Statens strålevern har sett anbefalingar om at radonnivået vert halde så lågt som mogleg i alle bygg. Dersom radonnivået i eitt eller fleire opphaldsrom overstig 100Bq/m3 bør ein setje i vert tiltak. Maksgrensa er på 200Bq/m3 og det vert rekna med at om lag 175 000 bustadar i Norge kan ha radonkonsentrasjonar som er høgare enn 200Bq/m3.
Det er etasjane nærmast grunnen som er mest utsett for radonstråling. Dess høgare opp i etasjane ein kjem, dess lågare vert verdiane.
I Vestnes er det berre i Rekdal det er påvist større område med høg konsentrasjon av radon i følge karta til NGU fem seks hus som ligg i sonen. Resten av Vestnes er merka med moderat til låg konsentrasjon radon. Men det kan vere store lokale variasjonar. Spesielt ved sprenging kan ein få høgare radonnivå. Ein kan difor bu i eit hus med høge radonverdiar utan å vere klar over det.