Fleire har fått augo opp for minihus. Maurice Leon Tarto og faren Meeme Tarto i Tomrefjord og firmaet Elementhus bygg først og fremst bustadhus. Men har byrja å lage minihus på si.
– Med eit minihus kan ein få kontor, gjestehus eller fritidsbustad dei fleste stader ein lastebil rekk til, fortel dei.
– Då vi får ein del restar etter ferdige bygg, fann vi ut at det er fint å bruke restmateriale til minihus, fortel Maurice.
Far og son har bygt hus i 15 år, men firmaet Elementbolig er forhaldsvis nystarta. I Litauen, kor dei opphavleg kjem frå, har dei mange gode kontaktar og ein eigen fabrikk. Her vert huselementa snikra saman, og så frakta til Noreg. I hagen deira i Tomrefjord har dei sett saman to minihus og bygd platting rundt. Her har Meeme kontor i det eine huset og det andre vert brukt til overnatting, vennebesøk og festlegheiter.
– Det er noko ana å ha heimekontor her. Då kan ein berre gå over plena, så er ein på jobb. Her kan eg arbeide i fred utan å stadig verte avbroten, fortel Meeme.
Dei har også selt minihus til andre som har nytta dei til heimekontor, og tilbakemeldingane så langt er at dei er veldig nøgde.
Bygd som legoklossar
Maurice seier det finst mange smarte løysningar for å utnytte plassen eit minihus byr på.
– Eit minihus er maks 25 kvadrat. Det kan ikkje vere meir enn tre og ein halv meter brei og maks åtte og ein halv meter i lengda. Dette fordi det må kunne fraktast på ein lastebil. Vi bygg husa som modular, så det blir som legoklossar. Ønskjer ein fleire modular, er det berre å setje saman. Ved å ha vindauge som går frå tak til golv aukar vi romkjensla. Det finns også mange smarte skapløysingar, seier Maurice.
Skal ein ha straum, så har minihuset eit stikkontakt under huset som gjer at ein berre kan plugge i ei straumleidning.
– Vi har til no ikkje bygd dei billigast mogleg, men med gjennomtenkte løysningar. Bustadhus er blitt ganske dyrt, difor spør mange etter billige hus. Vi kan produsere dette også med litt rimelegare alternativ, seier Meeme.
Ønskjer ein å nytte dei som heilårsbustad er det mogleg, men då er det litt strengare krav. Mellom anna, så må veggane vere tjukkare.
Står på stolpar
Fordelen med å satse på minihus er at ein sparar mykje tid og pengar på utgraving av tomt.
– Dei står berre på seks stolpar i terrenget. Minihuset er også rimeleg i drift. Ein treng ikkje mykje straum for å halde det varmt og godt, fortel dei.
Ein kan i mange tilfelle sleppe byggetillating på hus som er under 50 kvadrat, så lengje det står minimum ein meter frå nabotomta. Men kva reglar som gjeld, kan variere frå kommune til kommune. Det har også noko å seie om ein skal ha toalett og innlagt vatn.
Vil stige i verdi
Meeme Tarto har bubil som ofte blir nytta når dei er ute på byggjeoppdrag.
– Ein bubil mister verdi straks ein rullar på vegen. Fordelen med å ha eit minihus, er at det berre vil stige i verdi, seier Meeme.
Ein kan også spare pengar og tid på det vedlikehaldsfrie materialet dei brukar til minihusa.
– Dei er bygd av sibirsk lerk frå Russland som er eit veldig tett materiale. Sett bort i frå at treverket er overflatebehandla med soppmiddel, så skal dette halde i over 100 år utan at ein treng å gjere noko med det, seier Maurice.
Dei håper med tida at dei kan finne ein stad på Vestnes å stille ut eit visningshus for interesserte. Det er om lag eit år sidan dei lagde det første minihuset, og annonsen på finn.no har blitt vist over 12.000 gongar. Dei ser ikkje vekk i frå at minihus kan bli eit enda større satsingsområde i framtida.