Vestnes bibliotek er under utrusting. Maritim historie vert ein raud tråd gjennom heile biblioteket.
Vestnes likar å omtale seg som båtbyggarkommune nummer ein. Med lang historie innan maritim næring. Det har eksistert mange verft, og dei som er att har ein lang historie. Dette ønskjer Vigdis Ødegård og Vestnes bibliotek å framheve gjennom interiør og dekor.
– Det vert ei historisk tidsline som startar med trebåtbygging og endar med innovasjon og framtidsplanar, seier Vigdis Ødegård til Vestnesavisa.
Autentiske møblar
Også møblementet er til ein viss grad inspirert av maritim historie. To færingar har blitt ofra for å lage stolar. To stolar av baugen, og to av akterstevnen. Bordet dei står rundt er av rekved og ei gamal tønne. Med glasplate på toppen.
– Stolan er designa av Robert Vik. Det er Tremek som har laga dei og bordet. Glasplata har Sanco i Skorgen laga til oss. Så her er alt lokalprodusert, seier Ødegård.
Gamle høvelbenkar skal bli lesepultar, og utstillingsmonter. Ved sida av færingstolane skal modellen av Søblomsten som i dag står på Bryggetorget plasserast.
Sittegruppa og høvelbenkane utgjer starten på den historiske tidslina som går heile vegen ut i fellesområdet.
Hektisk flytting
Sjølv om datoen for innflytting ikkje er heilt klar, er det hektisk aktivitet med flytting. 22 000 bøker skal registrerast med ny elektronisk utlånsbrikke, pakkast ned og flyttast. Noko av dette arbeidet vert gjort på dugnad.
– Det er ein stor jobb å flytte biblioteket. Me er tre tilsette, delt på to årsverk. Heldigvis har me fått god hjelp av private som jobbar litt på dugnad saman med oss, seier Ødegård.
Etter kvart som bøkene vert flytta vert dei plassert i bokhyller. Så det må vere eit godt system i nedpakkinga for at kabalen skal gå opp.
Midt i denne prosessen er arbeidarar framleis i gang med å montere boklhyller og møblar. Her er enno mykje som ikkje er på plass.
Biblioteket får ikkje opne før alle bebuarane på institusjonsplassane i andre og tredje etasje har flytta inn. Innflyttinga der skjer like etter påske.
– Me satsar på å opne så snart som råd ettter at alle har flytta inn. Men på grunn av corona kan me neppe ha noko stor opningsfest. Det får me ta att seinare, seier biblioteksjef Vigdis Ødegård.
Identitetsbygging
Den maritime historielinja, og stilen på interiøret i biblioteket heng godt saman. Ein kan nesten lukte gamalt båtbyggeri når ein kjem inn. Vigdis fortel at det vert ein gjennomført stil som tar for seg båtbyggarhistorien i Vestnes.
– Me håpar det vil vere med og bygge identiteten til Vestnes. Me har ein lang og stolt historie, og me ønskjer å få den fram i lyset. Det er nok mange i Vestnes og området rundt oss som ikkje er klar over kor omfattande båtbyggarhistorien i Vestnes er, seier Ødegård.