To personar fekk i dag påvist coronasmitte på VARD sin brakkerigg på Trohaugen. Det er snakk om tilreisande arbeidarar som er smitta.
Vestnes kommune melder at to tilreisande arbeidarar som er busett på brakkeriggen på Trohaugen har fått påvist coronasmitte. Den eine skal testast på nytt i morgon då prøven ikkje gav eit klart positivt funn.
– I samsvar med VARD sine interne prosedyrar vert alle tilreisande arbeidarar frå utlandet testa av verksemda sitt helseteam ved ankomst, skriv Vestnes kommune i ei pressemelding.
Personane som har fått påvist smitte skal ikkje ha symptom, og dei skal ha vore i karanteene sidan ankomst. Begge er no sett i isolasjon og nærkontaktar er sett i karantene.
– VARD og kommuneoverlegen arbeider no med smittesporing. Personane har ikkje hatt kontakt med lokalbefolkinga eller vore i butikkar, står det i pressemeldinga.