Det er framleis ingen som er registrert smitta i Vestnes. Så langt er 110 personar testa. Men det vert opplyst om fleire som har symptom på covid19 som ikkje blir testa. Dei er ikkje i risikogruppa og dermed er dei ikkje ein del av statistikken.
– Så lang er ingen registrert smitta. Men det betyr ikkje at det ikkje er folk i Vestnes som har covid19, seier ordførar Geir Inge Lien.
Formannskapet var virtuelt samla via Skype måndag ettermiddag og fekk siste oppdatering frå kriseleiinga i Vestnes.
Varaordførar Randi Bergundhaugen uttrykte bekymring for at utanlandske arbeidarar som ikkje føl råd frå helsemyndene i Norge.
– Eg reagerer på måten enkelte oppfører seg i butikken. Dei tar på mange varer dei ikkje skal kjøpe og går tett saman. Det er utelukkande utanlandske arbeidarar som eg har observert som gjer det. Laurdag synest eg det var direkte ubehageleg å gå i butikken, seier Bergundhaugen.
Ordførar Geir Inge Lien kommenterte at kommuneleiinga skal ta kontakt med arbeidsgjevarar i kommunen som nyttar utanlandsk arbeidskraft og be dei informere betre om reglane som gjeld i Norge for tida.
Stabiliserer seg
Administrasjonssjef Kristian Skålhavn informerte om at situasjonen nasjonalt ser ut til å ha stabilisert seg noko. Møre og Romsdal ligg nest nederst på lista over fylke når det gjeld antal smitta per 1000 innbyggar.
Helseminister Bent Høie sa måndag at coronasituasjonen i Norge er under kontroll.
– Før me innførte dei strenge tiltaka så smitta coronasjuke i Norge 2,5 personar. Hadde den utviklinga fått halde fram hadde me truleg vore i same situasjon som me ser i andre land i Europa. No ser me at ein smitta i Norge smittar 0,71 personar. Dette har me greidd i lag, takka vere de som er innbyggarar i landet vårt, seier Høie.
Skålhavn seier at kriseleiinga i Vestnes arbeider kontinuerleg for å unngå smitte i Vestnes. Måndag vart det sendt ut UMS-varsling som tekstmelding til alle som oppheld seg i Vestnes med ønske om god påske og beskjed om å følgje med på nettsidene til Vestnes kommune for å få siste nytt om coronasituasjonen, samt tips om tiltak for å hindre spreiing av viruset.
Open SFO/barnehage
Skulefritidsordning og barnehage vert halden opne i Vestnes gjennom påsken for familiar der begge foreldre har jobbar som er rekna som samfunnskritiske oppgåver. Dette gjeld i hovudsak beredskapspersonell innan helsevesenet.
Rekordhøg arbeidsløyse
Arbeidsløysa har auka voldsomt i Vestnes dei siste tre vekene. Måndag var den oppe i elleve prosent. Det er truleg det høgaste som nokon gong er registrert i Vestnes.
– Det er utfordringar med lang behandlingstid på søknadar om dagpengar. Men NAV har opna for søknad om forskott på dagpengar, seier Skålhavn.
Han legg til at det truleg vil bli eit auka behov for gjeldsrådgjeving i Vestnes den komande tida.
Mange har meldt seg
For om lag tre veker sidan gjekk Vestnes kommune ut og bad innbyggjarar med helsefagleg bakgrunn om å melde seg. Dette vart gjort for å danne grunnlaget for ein «pool» med helsearbeidarar som kan brukast dersom situasjonen i Vestnes vert verre.
På kort tid melde over 100 personar seg, og like før helga vart dei første kontakta for opplæring. I første omgang vart 30 personar kontakta, og måndag var 20 personar i gang med nettkurs og praktisk opplæring i smittevern.
Ann Lovis Haanes har vore aktiv i dette arbeidet sidan starten og kan fortelje at i løpet av få dagar vil 20 personar vere klare til å verte kalla inn ved behov.
– Det er usikkert kva desse personane skal brukast til, men me ønskjer å ha dei i beredskap, seier Haanes.
Den praktiske opplæringa i smittevern føregår i grupper på fem og tar difor noko tid.
Ordførar Geir Inge Lien er veldig glad for at så mange har meldt seg.
– Det er heilt fantastisk at me fekk ein slik respons på dette. Det viser at folk i Vestnes bryr seg om kvarandre og ønsker å hjelpe til for å redusere konsekvensane av coronapandemien i Vestnes, seier Lien.
Truleg smitte
Anne Marie Fiksdal (FrP) fortalte i formannskapsmøtet at ho hadde fått informasjon frå folk som har vore på reise i Norge som no ligg sjuke med symptom på covid19. Ho reagerer på at desse ikkje vert testa. Kommuneoverlege Jan Håkon Fjeldheim seier at det er strenge krav til kven som skal bli testa.
– Ein må vere i risikogruppe eller ha ein jobb som gjer det viktig å få testa seg, seier Fjeldheim.
Fiksdal kommenterte då at det er snakk om helsepersonell som ikkje vert smitta.
– Då må dei ta kontakt med oss, var svaret frå Fjeldheim.