Dersom det stemmer at Tom Cruise kom til Molde lufthamn Årø i føremiddag, kan han ha flydd over Rekdal.
Det er stadfesta at «Mission Impossible 7» skal spelast inn i Norge. Delar av den skal spelast inn i Møre og Romsdal. No kan det altså syne seg at den verdskjente skodespelaren kan ha flydd over Rekdal på veg inn.
Det føreset at flyet fulgte innflygingsruta «TUMIM 3L», «OBITI 3L» eller «VEPUL 3L». Då vil flyet etter alt sannsyn ha navigert via navigasjonspunktet «VAVOP» som ligg like ved Blåskjerdingen.
Etter «VAVOP» vil flyet truleg ha svinga litt meir mot nord for å kome inn på instrumentinnflyginga til rullebanen på Årø. Dette vil ha tatt flyet rett over Rekdal.
Det er ikkje stadfesta at Tom Crusie var om bord i flyet som landa på Årø i føremiddag eller om flyet i heile tatt har flydd ein av desse rutene.