Det er påvist enno to tilfelle av covid19-smitte på Trohaugen. Det er to tilreisande gjestarbeidarar frå VARD som har testa positivt. Dei to har nyleg kome til brakkeriggen på Trohaugen.
Saken fortset etter annonsa
Vestnes kommune melder at i samsvar med VARD sine prosedyrar vert alle tilreisande arbeidarar frå utalndet testa ved ankomst. Personane skal vere symptomfrie og har vore i karantene sidan ankomst. Dei er no plassert i isolasjon og nærkontaktar er sett i karantene.
Arbeidet med smittesporing er i gangsett.