EIn tilreisande arbeider ved Aas Mekaniske Verksted har fått påvist smitte av Covid-19. Arbeidaren har nyleg kome til Norge og vart testa ved ankomst.
Saken fortset etter annonsa
Vestnes kommune melder at vedkommande ikkje har symptom og har vore i karantene sidan ankomst. Personen er sett i isolasjon og nærkontaktar er sett i karantene.
Aas Mekaniske Verksted og kommuneoverlegen har gjennomført smittesporing. Vedkommande har ikkje hatt kontakt med lokale innbyggarar eller vore i butikkar i følgje Vestnes kommune.