Kvar laurdag benkar godt over ein halv million seg framfor TV-aparatet for å sjå på Stjernekamp på NRK. Tomrefjord sin «store son» Knut Marius Djupvik er ein av dei som gjennom fleire program har tevla om den gjeve sigeren. Men korleis er det eigentleg å vere småbarnspappa og travel artist?
– Å vere med på Stjernekamp har vore ein draum for meg lenge. Så då NRK tok kontakt i februar og spurte om eg ville vere med var det berre å sleppe det eg heldt på med og sette i gang, seier Knut Marius Djupvik.
Nokre veker seinare trefte coronapandemien Norge med full kraft. Det som låg an til å bli eit hektisk år for artistar i Norge vart brått ein kamp om å ha nok arbeid.
Vårplanlegging
For Knut Marius sin del gjekk våren med til planlegging. Møter på NRK og gjennomgang av sjangrar stod på timeplanen.
– Me fekk vite om nokre av sjangrar før sommaren. Då kunne eg bruke god tid på å planlegge, velje låtar og finne ut korleis eg skulle gjere det. Andre sjangrar fekk me kortare varsel på, seier Knut Marius.
Med kortare varsel er det snakk om rundt ein månad. Det gav kort tid til å finne låt og øve den godt nok inn.
– Nokre låtar brukte eg berre nokre sekund på å velje. Andre låtar brukte eg mykje lenger tid på, seier han.
Travel kvardag
Å vere stjerneartist på laurdagskvelden krev enormt mykje arbeid også i vekedagane. Å kombinere dette med å vere småbarnspappa kan vere tøft til tider.
– Det er eit lappeteppe av ein timeplan som må gå opp. For min del går det akkurat. Men me har tilbod om hjelp dersom me treng det, seier Knut Marius.
Han kallar kvardagen no for eit slags kontrollert kaos.
– Det viktigaste er å ikkje la seg stresse, men ta det roleg og la ting gå mest mogleg av seg sjølv. Stressar ein, så går det ut over både familielivet og prestasjonane på scenen, seier han.
I starten av Stjernekamp var Knut Marius heime med yngstedottera på eitt år. Då ho starta i barnehagen vart kvardagskabalen litt enklare.
– I tillegg til at ho no går i barnehage, og god hjelp frå familie som bur i Oslo har det gått godt. Me har mykje å takke søstra mi og mange andre for, seier Knut Marius audmjukt.
Ein slik hektisk kvardag kan tære på dei fleste. Knut Marius fortel at det gjer det enklare når ein veit at det berre er for ein kort periode.
– Det skal på ein måte bli godt når Stjernekamp er over fordi det krever så utruleg mykje av meg. Men samstundes er det sjølvsagt fantastisk gøy å vere med på dette eventyret, seier han.
Han skryt over produsentane som er svært hjelpsame både før og under innspeling, samt på privaten.
– Det er eit enormt bra aparat. Dei er verkeleg gira på å løfte oss og gjere oss betre og legg svært godt til rette for at me skal ha det så enkelt og godt som mogleg, seier Djupvik.
Rart på scenen
Å stå på scenen og sjå ut over eit svært redusert publikum er noko av det Knut Marius synest er mest spesielt om dagen.
– Det er rart å sjå så få i salen. Det er rart å ikkje ha ein tjåkfull sal, seier han.
På grunn av coronapandemien har det vore få spelejobbar den siste tida. Dette har Knut Marius fått merke godt.
– Det er merkeleg å ikkje delta på store konsertar eller arrangement. Men det at me får lov å ha litt publikum no er eit lite lys i tunnelen, seier han.
Undervegs i konkurransen har Knut Marius knytt sterke venskapband med fleire av dei andre deltakarane. Gruppeoppgåva der han måtte vere med og framføre «Barbie Girl» av Aqua var ein artig seanse både for artistar og publikum.
På spørsmål om det kan bli aktuelt å framføre låten på nytt igjen lokalt flirar Knut Marius godt.
– Barbie Girl må gjenskapast på eit eller anna vis. Det hadde vore gøy å framføre den på Idahall, seier han lattermildt.
Då står det att å sjå om me får møte Ken Marius på Idahall i løpet av tida som kjem.