På under ei veke har det blitt påvist 14 tilfelle av Covid-19 smitte i Vestnes. Alle med unntak frå eitt tilfelle er tilreisande arbeidarar frå utlandet. Unntaket er ein innbyggjar i Vestnes som vart testa ved ankomst frå utlandet.
Søndag kveld melder Vestnes kommune om tilfelle nummer 14 siste sju dagane. Det er ein utanlandsk arbeidar som arbeider hos Helland Rør AS som nyleg har kome til Vestnes.
Personen vart testa ved ankomst til Vigra, og reiste vidare frå flyplassen i bil. Vedkommande er i isolasjon, og fire nærkontaktar er sett i karantene. Alle fem vil bli testa på nytt. Vedkommande skal ha køyrt i eigen bil frå flyplassen til bustaden i Vestnes saman med nærkontaktane. Dei skal ikkje ha vore i kontakt med andre.
Kommuneoverlegen i Vestnes og Helland Rør AS har gjennomført smittesporing.