Førjuls- og juletida er høgtid. Dessverre er det også høgtid for brann. Med enkle grep kan ein gjere både førjuls- og juletida tryggare.
Jula er synonymt med familiehygge, godt pynta heimar og kos og varme. Statistisk sett er brannfaren høgare i jula enn elles i året. Dette heng nok saman med mykje meir bruk av både levande og elektriske lys. I tillegg til auka aktivitet på kjøkkenet.
Vestnes brannvesen ønskjer alle ei god jul, men ber folk vere forsiktige.
Ikkje ta unødige sjansar
– Bruk fornuft. Det er vel det beste rådet eg kan gi, seier brannsjef Frank Skorgenes til Vestnesavisa.
Han tenkjer då på at ein ikkje går frå levande lys, er forsiktige med open eld og ikkje tek unødig sjansar.
Brannsjefen vil ikkje kome med formaningar om kor farleg det kan vere med stearinlys og mange lyslenger. Men han ber folk om å ha i tankane at det kan gå gale om ein er uforsiktig.
– Ikkje gå får levande lys. Det er fort gjort å gløyme seg. Gå gjerne ein rask runde i huset før leggetid for å sjekke at det ikkje står attgløymte lys og brenn, seier han.
Kjøkkenet
Det er eit par feller som går att i statistikken i juletida. Smultgryta på kjøkkenet er ein klassikar. Men dersom ein førebur seg på at det kan gå gale, er det høveleg raskt gjort å få kontroll på brann i ei smultgryte.
– Ha eit kasserollelokk lett tilgjengeleg. Dersom det skulle ta fyr, så er det berre å leggje lokk på gryta og trekkje den til sides. Som oftast er dette nok til å sløkke brannen. Ikkje bruk vatn på smult eller oljebrannar. Det vil berre gjere ting verre og føre til ein eksplosiv brann, seier Skorgenes.
Utelys og faklar som står utan tilsyn på trappa er også ein risiko i følgje statistikken. Men med enkle grep kan ein fjere dei mykje tryggare.
Nettstaden sikkerhverdag.no har gode tips og råd til korleis ein kan få ei julefeiring med minimal risiko.
Brannvernforeningen har laga ei kort liste over ting ein bør tenke over og passe på ved bruk av julelys og levande lys.
- Sjå over eldre julelys
- Skru av julelys om natta eller nå du reiser bort
- Skift lyspærer med ujamt lys
- Bruk berre lys som er egna for utandørs bruk ute
- Bruk LED-lys og CE-merka produkt
- Gå aldri frå levande lys
- Unngå brannfarleg pynt
- Ha eit brannsikkert underlag
- Ha minst ti cm avstand mellom lysa
- Ikkje tenn levande lys i nærleiken av trekk