Kyrkja i Vestnes innfører restriksjonar og avlyser arrangement på grunn av Covid19. Dei held seg til det Vestnes kommune har lagt til grunn av reglar for smittevern.
Alle gudstenester frå og med 12. mars til og med 29. mars er avlyst, og alle arrangement knytt til gudstenestene er avlyst opplyser kyrkja i ei pressemelding.
Når det gjeld dåp vil desse verte gjennomført etter avtale, men med avgrensingar i antal personar til stades. Det same gjeld gravferder kor det er sett eit tak på 20 personar. Reknar ein med personalet i kyrkja er ein då på 25 personar som er grensa Vestnes kommune har sett.
– Me skjønar at mange synest det er trist å ikkje få ta avskjed med menneske som dei er glade i. Samstundes er det viktig at ein ikkje møter opp til gravferder om ein ikkje er i nær familie og har avtalt dette med gravferdsbyrå og kyrkja, står det i pressemeldinga.
Også konfirmantundervisinga er avlyst fram til påske. Dette gjeld samlingar i grupper og samlinga i samband med fasteaksjonen 24. mars. Sjølve aksjonen 31. mars kjem til å bli digital i år.