Politiet stenger for publikumstenester dei neste to vekene som eit ledd i å hindre spreiing av Covid19. Tiltaka gjeld ikkje-kritiske publikumstenester som krev fysisk oppmøte.
Det vert ikkje råd å bestille pass, naudpass, levere anmelding, levere eller hente hittegods eller avtalar som omhandlar opphald og utlendingstenesta, våpen, namsmannen og forliksrådet.
– Me ber om at publikum tar kontakt med sitt lokale politi for å gjere nye avtalar fram i tid, skriv politidirektoratet i ei pressemelding.
Direktoratet ber vidare publikum med særskilde behov om å ta kontakt med politiet for å orientere om sin situasjon.
– Dette vil medføre ulemper for dei som vert råka. Me ber om forståing for at politiet no prioriterer å sikre ein god berdskap i heile landet, og samstundes ivaretar smittevernomsyn, seier assisterande politidirektør Håkon Skulstad.
I tillegg vert det sett i verk ein heil del interne tiltak i politiet. Det er alt frå heimekontor til reisenekt og utvida karantene for personar som har vore i utlandet.