Ordførar Geir Inge Lien ber instendig innbyggjarane i Vestnes om å respektere smitteverntiltaka som er innført. Spesielt gjeld dette å unngå større samlingar av folk.
– I løpet av helga har eg fått fleire bekymringsmeldingar om at folk samlast til fest og sosialt lag. Det går i mot alt Vestnes kommune og helsemyndene jobbar for å unngå, seier Geir Inge Lien.
Det er per i dag framleis ingen påviste smittetilfelle i Vestnes. Fiksdal oppvekstsenter vart «friskmeldt» etter at det har vore karanteneforhold her i frykt for smitte. Barnehagen i Fiksdal er no open som normalt for personar med samfunnskritiske roller.
Sjølv om det ikkje er påvist smitte i Vestnes kan ein ikkje slappe av og late som om alt er normalt. Ordførar Lien seier det er egoistisk å ikkje respektere tiltaka som er innført.
– Det er svært viktig at folk respekterer råd frå myndigheitene og unngår festar, samlingar og gjer det ein kan for å redusere smitterisiko. Skular og barnehagar er stengt for å redusere smittefaren. Då er det tåpeleg om folk samlast i større mengder på fritida. Dette er ein dugnad for å beskytte dei svakaste og dei som er i risikogrupper, seier Lien.