– Dersom kommunestyret gir dispensasjon til å etablere oppdrettsanlegg i Korsvika skrinlegg me planane. Skal det satsast på turisme treng me langsiktig forutsigbarhet, seier Heidi Beate Gjelsten. Saman med Tore Gjelsten, Jan Henning Løviknes og Tanja Anett Gjelsten Løviknes ønskjer dei å etablere turisme med hengekøyer og «arctic dome» i Korsvika.
– Me har jobba med dette i fleire år, seier Heidi Beate Gjelsten. Allereie i 2015 fekk dei planane sine inn i kommunedelplanen med tanke på vidareutvikling av konseptet.
Planen deira er å etablere hengekøyepark i liva over Korsvika på Gjelstein. Sommaren 2019 inngjekk ho og Tore Gjelsten samarbeid med Jan Henning og Tanja Anett Løviknes for å realisere planane. Dei fire hadde ikkje tenkt å lansere planane før seinare, men no ser dei ingen anna utveg enn å lansere eit ikkje heilt ferdig konsept.
– Me føler oss pressa til å gå ut med planane no. Me er eigentleg ikkje heilt klare, seier Heidi Beate Gjelsten.
Motstridande signal
Grunnen til at dei vel å gå ut med planane sine no, er at dei føler Vestnes kommune gir sterkt motstridande signal.
– Det står i kommunedelplanen at Vestnes kommune skal satse på nyskaping og støtte opp om eksisterande næringsliv. Likevel endrar dei dette ved første besøk av storkapitalen. Me etterlyser forutsigbarhet slik at ein kan planlegge investeringar og få på plass ei turistnæring for heile kommunen, seier Løviknes.
Det er planane om oppdrettsanlegg i Korsvika som er den store bøygen for hengekøyeparken. Løviknes og mange andre har i lang tid vore kritiske til etablering av oppdrettsanlegg her. Dei meiner det vil kome i konflikt med eksisterande turistnæring.
– Me synest politikarane har lagt alt for lite vekt på administrasjonen si innstilling og utgreiing i saken, seier Heidi Beate Gjelsten.
Skrinlegg ved dispensasjon
Planutvalet innstilte på å gi dispensasjon til oppretting av oppdrettsanlegg i Korsvika. Torsdag skal kommunestyret ta stilling til saka.
– Me ser ikkje at det er råd å drive turistnæring med overnatting dersom me får eit oppdrettsanlegg som næraste nabo. Me er ikkje i mot oppdrettsnæringa, men me er i mot plasseringa av dette spesifikke anlegget. Dersom oppdrettsanlegget vert ein realitet vil me skrinlegge planane om vidare utvikling av området Gjelsten og Korsvika. Det er her me bur og eig grunn. Me har ikkje mogligheit til å endre på dette. Men oppdrett kan driftast mange andre plassar der konfliktnivåa ikkje er så betydelige som akkurat her, seier Heidi Beate. Ho får støtte frå Tanja Anett og Jan Henning i dette.
– Når politikarane seier at «det går sikkert bra» meiner me det er eit dårleg utgangspunkt for etablering av ei bedrift, seier Heidi Beate Gjelsten.
Dei fire gründerane ser føre seg ei bedrift som vil gi både arbeidsplassar og inntekter til kommunen.
Leif Jarle og Eva Løviknes driv i dag Løviknes Feriehytter på Gjelsteinneset. Planen er at Jan Henning og Tanja Anett står klare til å overta drifta etter kvart. Det er med bakgrunn i dette dei no går inn i Tore og Heidi Beate sitt prosjekt som samarbeidspartnarar.
– Me vil skape eit større fellesskap. Det er kjekkare å drive noko når ein har felles prosjekt, seier Tanja Anett.
Ikkje råd til å seie nei
Ordførar Geir Inge Lien har tidlegare uttalt at Vestnes ikkje har råd til å seie nei til oppdrettsanlegg. Han hevdar det vil gi mellom tre og fire millionar kroner i direkte inntekter til Vestnes allereie første året. Deretter vil det gi inntekter gjennom Havbruksfondet.
– Eg er forundra over at ordføraren seier kommunen ikkje har råd til å seie nei. Her har kommunen muligheten til å få både i pose og sekk, når området på Gjermundnes er tilbydd som eigna lokalitet fra administrasjonen i kommunen. Dette vil gi rom for både oppdrett og vidare drift av turisme på Gjelstein, seier Jan Henning Løviknes.
Han legg til at turistar legg igjen mykje pengar. Både på overnattingsstadar, og i lokal handelsstand. Difor ser han det som viktig å ha eit sterkt sentrum som kan støtte opp om turistnæringa i bygdene.
Aktivitetar
I tillegg til utleige av faste hengekøyer og «arctic dome» er det planar om utleige av el-syklar, kajakkar og andre aktivitetar i nærområdet. Med lokalt tilhøyre som ein raud tråd vil Gjelsteinlia hengekøyepark vere eit heilskapleg turistprosjekt med vekt på lokale særeigenskapar samt bærekraft og verdiskaping med fokus på å vere i takt med naturen på ein god måte i følgje dei fire.
– Me vil handle det me kan lokalt, og me ønskjer å samarbeide med andre aktørar for å få eit fellesskap rundt turismen i området. Med flott urørt natur og ein fantastisk fjord like ved meiner me det er gode moglegheiter for eit slikt prosjekt, seier Heidi Beate.
– På lang sikt er planen å bygge ut med utleigehytter. Tidsplanen er avhengig av at prosjektet vert gjennomført slik me har planlagt. Oppstart vil bli i januar 2021. Det vert mykje arbeid i starten, men etter kvart ser me føre oss å tilsette sesongarbeidarar som kan ta seg av den daglege drifta av anlegget, seier Heidi Beate.