Sju gjestearbeidarar som har ankome VARD sin brakkerigg på Trohaugen har testa positivt på Covid-19 smitte. Det er arbeidarar frå tre ulike underleverandørar som har fått påvist smitte.
Saken fortset etter annonsa
Alle er sett i isolasjon, og nærkontaktane er sett i karantene. VARD og kommuneoverlegen gjennomfører no smittesporing. Dei smitta er sett i isolasjon.
VARD opplyser at dei føl situasjonen i Europa tett, og at dei ser på moglegheitane for å kunne teste arbeidarar før dei reiser frå heimlandet.