Det var i går kveld påvist koronasmitte hos ein person i Vestnes kommune. Det er ein tilreisande gjestearbeidar i VARD som nyleg har ankome brakkeriggen på Trohaugen.
I samsvar med VARD sine interne prosedyrer blir alle tilreisande arbeidarar frå utlandet testa av verksemda sitt helseteam ved ankomst. Personen var ikkje i same reisefølge som dei som var meldt smitta tidlegare i veka.
Personen har ikkje symptom, og har vore i karantene sidan ankomst. Vedkommande er sett i isolasjon og nærkontaktar er sett i karantene. Personen har ikkje hatt kontakt med lokalbefolkninga eller vore i butikkar.
VARD og kommuneoverlegen har gjennomført smittesporing.
Testing av nye tilreisande gjestearbeidarar pågår kontinuerleg, det same gjeld retesting i karanteneperioden.
VARD følgjer situasjonen i Europa tett, og ser på moglegheitene for å kunne teste arbeidarar før dei reiser frå heimlandet.