Geir Tony Tomren og Lars Helge Eidhamar har meldt seg ut av Senterpartiet i protest. Det er spesielt saka om skulestruktur og friskular som har fått begeret til å renne over.
– Hovudgrunnen til at me har meldt oss ut er skulesaka som har splitta partigruppa. Ordførar Geir Inge Lien har brote med gruppa, seier Geir Tony Tomren.
Geir Tony meiner det er snakk om tolking av partiprogrammet som har vore grobotn for uroen i partiet.
– Eg gjekk til val på å oppretthalde skulestrukturen. Det har vore, og er vekst i elevtalet. Då meiner eg det er feil å gjer endringar i strukturen no, seier Tomren.
Tomren sat som fast representant for Senterpartiet, og Lars Helge Eidhamar var 2. vara for partiet.
Det handlar om tillit
Han meiner det handlar mest om at veljarane skal ha tillit til dei som politikarar. Noko Lars Helge Eidhamar stiller seg bak.
– Me har meldt oss ut for å gi eit sterkt signal om at det ikkje er greitt å bryte med valløfta og valprogrammet. Me føler me vart valt inn med skulesaka som hovudgrunn, seier Tomren og Eidhamar.
Dei er opptekne av å ha eit godt forhold til fleirtalet i partigruppa, og vil støtte Senterpartiet der dei meiner det er spelerom for det og elles søke samarbeid med dei andre partia i kommunestyret.
– Me har kjempa for ein programfesta partipolitikk me gjekk til val på. Valprogrammet er vårt valløfte til veljarane i Vestnes kommune. Vårt syn er at det er viktig å stå for det ein har lova og utvikle tillit til at politikarane skal spegle folkevilja i lokaldemokratiet. No vel me å stå som uavhengige representantar i kommunestyret. Me vil stå for det me gjekk til val på, og vil bruke tid på å fronte sakene me trur på. Me vil gjere vårt for å stå for den politikken SP gjekk til val på, og samstundes søke eit godt samarbeid med andre parti i kommunestyret, seier Tomren.
Vanskeleg val
– Det var ikkje eit lett val, men det var eit rett val. Me ønskjer ikkje ufred med enkeltpersonar. Det er viktig for oss å kunne samarbeide med andre, sjølv om me står utan parti, seier Lars Helge Eidhamar.
Geir Tony Tomren melde seg ut 18. mai, og Lars Helge Eidhamar leverte si utmelding 10. mai.
Partiprogrammet
Partiprogrammet til Vestnes Senterparti før valet i fjor står det:
Senterpartiet vil at alle i kommunen skal ha gode oppvekst og butilhøve. Me vil satse på kvalitet i skule og barnehage, og legge til rette for godt samarbeid mellom heim og skule. Vedtaket frå 2016 om bygging av ny felles ungdomsskule står fast. Partiet vil oppretthalde skulestrukturen me har i dag avhengig av utviklinga i elevtal.