Budsjettforslaget som formannskapet legg fram for kommunestyret inneber ei nedlegging av Fiksdal skule frå hausten. Ved ei nedlegging vert elevane flytta til Tomrefjord skule. No kjempar FAU i Fiksdal igjen for bygdeskulen.
– Administrasjonssjefen lova at det ikkje skulle kome forslag om nedlegging av Fiksdal skule i år. Og det heldt han. Men så kom politikarane med eit slikt forslag i staden for. Då vert me litt oppgitt, seier leiar i Fiksdal FAU, Tanja Anett Løviknes.
Som eit resultat av FrP sitt framlegg til budsjett som vart godkjent i formannskapet, og som kommunestyret skal behandle om knappe to veker, kan Fiksdal skule bli nedlagt frå hausten.
Ikkje splitta
FrP meiner i følgje Bygdebladet at bygda og skulekrinsen er delt i saka. Det meiner Løviknes er heilt feil.
– Me hadde ein runde med undersøkingar i 2018. Der spurte me elevar, foreldre og andre i bygda om kva dei meinte. No køyrde me ein ny runde med undersøkingar. Resultatet vart heilt likt. Alle i foreldregruppa og elevane ønskjer å behalde skulen, seier ho.
Ho legg til at det er personar i bygda som meiner nedlegging er det rette, men at desse er i mindretal.
– Over 90 prosent ønskjer å behalde skulen, seier ho.
Vestnes kommune syner til fødselstala dei siste åra og konkluderer med at elevtalet går nedover. Isolert sett er dette heilt korrekt. Men i følgje Løviknes er det eitt moment som ikkje er tatt med i vurderinga av framtidig elevtal.
– Fødselstala seier ikkje noko om kor mange elevar det faktisk vert dei komande åra. For dei famnar ikkje tilflytta ungar. Dei syner berre kor mange som er fødd i Vestnes. Elevtalet vert høgare enn det som er førespegla, seier Løviknes.
Ho syner til fleire familiar i Fiksdal og Rekdal som har flytta heim, og som har ungar i eller nær barneskulealder.
Gir seg ikkje
På spørsmål om det freistar å berre gi opp kampen og la skulen bli nedlagt, er Løviknes heilt klar.
– Nei. Me gir ikkje opp. Me skal ha skule i bygda, og helst ein kommunal skule, seier ho.
At kampen år etter år skapar frustrasjon er ho heilt klar på. Av og til kan det også koke litt over.
– Enkelte av oss kan nok bli litt frynsete i kantane av dette. Eg har hatt ungar ved Fiksdal skule i 13 år, og har kjempa for å behalde skulen like lenge, seier ho.
Fire av sju medlemmar i FAU i Fiksdal er frå familiar som har flytta heim att til bygda etter endt utdanning. Løviknes fryktar at slik heimflytting vil bli redusert dersom skulen forsvinn.
– Me meiner me må få tid på oss til å vise at det er vekst. No er det eit nytt stort byggefelt i emning her ute, og det vil gi utslag i antal elevar. Men det nyttar jo ikkje dersom skulen vert nedlagt før prosjektet kjem skikkeleg i gang, seier ho.
Ho fryktar at dersom alle elevane i Vestnes skal inn på to skular, så vil mange finne seg anna stad å bu i staden for å flytte heim igjen.
– Skule, barnehage og bygdemiljø er viktige faktorar for barnefamiliar som vil flytte heim. Ein ser at barnefamiliar vil ha plass rundt seg. Det er ikkje Vestnes sentrum som trekker dei heim att. Det er heimbygda. Men eg fryktar at dersom det ikkje er gode nok tilbod i bygdene, så vil heimflyttinga bremse opp, seier Løviknes.
Mindre sårbare
Eitt argument som har blitt brukt i nedleggingskampen, helst frå dei som vil legge ned skulen, er at små skular er sårbare for personalmangel, sjukdom og andre uforutsette hendingar.
Det meiner Løviknes ikkje held vatn. Ho syner til coronapandemien.
– Det er enklare å drive ein liten skule slik dagens situasjon er. Konsekvensane vert også mykje mindre dersom ein må stenge ein liten skule, samanlikna med ein skule med 600-700 elevar. Fiksdal er den siste bygdeskulen i Vestnes etter at Tresfjord skule vart «sniknedlagt» i fjor, seier ho.
Ho meiner også at familiar som bur i Vestnes, eller som kjem tilflyttande må få ha valmoglegheiter.
– Det er ikkje alle som ønskjer at borna deira skal gå på ein stor skule. Store skular passar ikkje for alle. Men det kan det sjå ut som om politikarane ikkje tenkjer på, seier Løviknes.