Politiske møte vert gjennomført på ulike digitale plattformer. Tilhøyrarar må ha direkte lenke til møtet for å kunne følgje saker direkte. Lydopptak av møte som vert lagt ut i etterkant manglar i fleire tilfelle viktig informasjon. Er digitale møte eit problem for demokratiet?
Dei fleste politiske møte har vore gjennomført på digitale plattformer dei siste månadane. I Vestnes vert Teams nytta som plattform. Men kor mykje er det som føregår bak lukka dører som media og resten av samfunnet ikkje får ta del i?
To døme på saker som vert lagt ut i etterkant av møtet som manglar informasjon, er saka om høyringsfråsegner til privatskular i Fiksdal og Tresfjord. Dette kom opp som to saker. I den eine saken vart lydopptaket redigert slik at oppdaket stoppa midt i eit innlegg frå ein politikar. Avrøystinga var ikkje med i opptaket.
I den andre saken vart lydopptaket kutta midt i avrøystinga. Det vil dermed ikkje vere råd for dei som høyrer opptaket i etterkant å vite kven som røysta for kva, eller kva resultatet vart. Ein kan lese i protokollen kor mange som røysta for kva, men ikkje kven.
Formannskapsmøtet i dag vart lukka tidleg i saklista. Det vart vist til kommunelova for heimel til å lukke saka. Men på grunn av dårleg lydkvalitet var det ikkje råd å høyre kva sak det var. Saka stod heller ikkje på saklista.
Kor gjennomsiktig er demokratiet i lokalpolitikken i desse dagar? Føregår det politisk behandling av saker som ikkje kjem fram i protokollar? Når saker ikkje er ført opp på saklista og lydkvaliteten er så dårleg at det ikkje er råd å høyre kva som vert sagt er det vanskeleg for media å utføre samfunnsoppgåva si. Det er uråd å vite om saker som vert lukka er heimla korrekt.
Dårleg lyd
Dårleg lydkvalitet gir også utfordringar. Både debatt og saksutgreiingar er vanskelege å få med seg, noko som gjer det vanskeleg å forstå sakene. Det er ikkje gunstig for media som ønskjer å framstå som ein truverdig informasjonskanal. Risikioen for feil vert høgare når det er vanskeleg å få med seg faktainformasjon.
Ved fleire høve stilte politikarane i formannskapet spørsmål til saksutgreiinga. Spørsmåla kom greitt fram. Men svara var ikkje råd å forstå på grunn av bakgrunnstøy og ustabilt lydvolum. Ein kan samanlikne det med «hermetikkbokstelefonane» mange av oss leika med som barn.
Utfordringa med lyden dukka ikkje opp før formannskapet var samla i kommunestyresalen. Då kvart medlem i formannskapet sat på eigen PC/nettbrett under møtet var kvaliteten god og ein kunne enkelt finne ut kven som prata. Utan å sjå kven som pratar, eller få indikasjon på skjermen, er det vanskeleg å vite kven som seier kva i ein debatt. Å stole på at ein kjenner att røysta kan fort føre til at politikarane vert feilsitert, eller at sitata vert knytt til feil namn.
Mangelfulle saklister
Det heller ikkje gunstig når saker som skal realitetsbehandlast ikkje er ein del av den offentlege saklista. Måndag kveld var ein sak om eigedomskjøp oppe til behandling. Saka var sendt ut på e-post i etterkant av at saklista var publisert. Det vil seie at saka vart behandla politisk utan at saka var offentleg tilgjengeleg i forkant av møtet. Berre dei som hadde fått e-posten med saka som vedlegg hadde tilgang til denne saka.
I saka vart det avgjort å sende til kommunestyret at eigedom like ved Tomrefjord skule skulle kjøpast for 1,2 millionar kroner.
Det er ikkje den største, og heller ikkje den viktigaste saken politikarane i Vestnes skal ta avgjersler i. Men likevel bør saker kome fram i ordinære saklister sjølv om dei vert sett opp seint.
Under realitetsbehandlinga vert det ofte synt både saksinformasjon og illustrasjonar på storskjerm for politikarane. Denne informasjonen går tilhøyrarar av møtet glipp av då møtet vert sendt utan video.