Turngruppa i Tomrefjord Idrettslag spelar inn turndansefilm. Det er Norges Gymnast- og Turnforbund som er initiativtakar til filmen.
På grunn av restriksjonar på antal personar som kan vere samla på ein gang vert turngruppa delt inn i mange små grupper som skal danse. No i desse dagar er innspelinga i gang.
Dansen er tilpassa alle nivå slik at alle som er med i turngruppa har anledning til å vere med.
– Norges Gymnast- og Turnforbund har laga koreografi for å hylle turnsporten og få med seg klubbane til å skape aktivitet no som me er inne i ein vanskeleg periode, seier Siri Misfjord i turngruppa i Tomrefjord Idrettslag til Vestnesavisa.
Forbudnet valte ut landslagsgymnastar frå dei ulike greinene til å vere ambassadør. I Tomrefjord vart det Hedda Folden. Ho har laga sin eigen versjon av dansen som har blitt filma.
Filmen er finansiert gjennom stipend Hedda har fått gjennom Møre og Romsdal Gym og Turn, samt sponsorpengar frå foreldrene. Filmen er laga av Zbigniew «Ziggi» Wantuch.
Filmen som Turngruppa lagar no vert sendt til Norges Gymnast- og Turnforbund og vil bli publisert nasjonalt.
Det siste opptaket vert tatt måndag ettermiddag.