19 år gamle Ingrid Helene Vikås frå Tresfjord er eitt steg nærare draumen sin om landslagsplass. No spelar ho på eliteserielaget til Molde Håndballklubb.
Ingrid Helene starta med handball som ti-åring. Ni år seinare går ho siste året på toppidrettslinja på vidaregåande skule.
Vegen til eliteserien har vore lang og hard. Utallige timar med trening og eit sterkt fokus på idretten har ført ho dit. Men det har kosta.
– Eg ofrar ganske mykje for handballen. Det krev mykje eigentrening for å verte god. Spesielt på den sosiale fronten har eg måtta ofre mykje. Medan andre var ute og festa, har eg drive med handball, fortel 19-åringen til Vestnesavisa.
Frå amatør til proff
Då ho starta på toppidrettslinja skreiv ho ein fireårig amatørkontrakt med Molde handballklubb. I vår, eitt år før den gjekk ut, fekk ho tilbod om proffkontrakt for klubben. Dermed var ho inne på eliteserielaget i Molde.
Det er 16 spelarar på laget, og nålauga for å kome med er trangt. Difor er Vikås ekstra nøgd med at ho fekk moglegheiten. No ønskjer ho å vise at ho er god nok.
– Det er stort å bli med på eliteserielaget. Men det ligg også mykje press der. Eg må vise at eg er god nok og at eg er verd å satse på, seier ho.
Frå før av var vestnes-jenta Vilde Vike Nerås med på laget. Dei to kjende ikkje kvarandre før dei hamna på same lag, men no bur dei i lag.
– Me var mykje saman under coronakrisa tidlegare i vår. Me fann ut at me kunne spare pengar på å bu i lag, så i sommar flytta me inn i felles leilegheit, seier Vikås.
Vil satse vidare
Sjølv om det er stort å kome på eliteserielaget i Molde, vil Vikås satse høgare etter kvart. Målet er landslaget.
– Den store draumen er å få spele på landslaget. Men før det vil eg etablere meg skikkeleg som fast spelar på eliteserielaget og lære mest mogleg der, seier ho.
Tor Oddvar Moen er trenar for eliteserielaget i Molde, og har ei lang god merittliste som Vikås er imponert over.
– Han har vore trenar for fleire av dei beste laga i Norge, og eg er stolt over å få spele under han, seier ho.
Når ho ikkje spelar eller trener, ser Vikås handball på TV. Då analyserer ho kampane for å lære av det spelarane gjer på banen.
– Det høyrest kanskje litt ekstremt ut for dei som ikkje spelar sjølv, men det er ganske vanleg, og veldig lærerikt, seier Vikås.
Når det gjeld vidare utdanning vert Ingrid Helene stille eit lite sekund.
– Det har eg ikkje tenkt så mykje på i grunn. Eg får studiekompetanse på toppidrettslinja, men eg veit ikkje kva eg vil utdanne meg innan. Nett no tenker eg at det får kome seinare. No er det handballen eg vil satse på, seier ho.
I helga var det treningskampar, og etter tolv minutt på banen hadde Tresfjord-jenta scora fem mål.
– Det var litt av ein debut på laget. Eg var spent på korleis det ville gå, men eg er svært nøgd med kva eg fekk til på banen i helga, seier ho.
Førre veke var det Larvik som var reisemålet. Då var det treningsleir heile veka.
– Det er utruleg kjekt å reise saman med laget og spele kampar og ha treningar rundt omkring i Norge, seier Vikås.