Det er framleis ikkje rapportert om smittetilfelle av Covid19 i Vestnes. Så langt er 54 personar testa.
– Me har ingen smitte i Vestnes som me veit om ut frå testar, seier ordførar Geir Inge Lien.
Kriseleiinga i Vestnes føl situasjonen tett og er klare til å innføre nye tiltak dersom det kjem beskjed om det frå høgare styresmakter. Men det er ikkje planlagt fleire tiltak lokalt i Vestnes per no.
– Me ser ingen grunn til å innføre fleire tiltak i Vestnes slik situasjonen er i dag, seier kommuneoverlege Jan Håkon Fjeldheim til Vestnesavisa.
Folk i Vestnes har i følgje Fjeldheim vore flinke til å innrette seg etter smitteverntiltak og pålegg frå styresmaktene. Det har gjort arbeidet til kriseleiinga, helsepersonell og andre involverte enklare.
– Me er spesielt glad for at folk ringer til legekontoret før oppmøte. Det gjer at me kan ha ein tryggare arbeidsplass og at me har så låg smitterisiko som mogleg. Eg er glad for at folk i Vestnes tar tiltaka på alvor, seier Fjeldheim.
Til saman er 54 personar testa for Covid19 til no, og alle prøvesvar har vore negative. Det er nokre få prøver som det ikkje er kome svar på enno.
– Me ventar svar på dei siste prøvane. Det tar eit par dager frå prøven vert tatt til me får svar, seier Fjeldheim.
Det har vore retta kritikk frå innbyggjarar mot helsevesenet etter at det ligg fleire heime som er sjuke som ikkje vert testa. FJeldheim seier at dei held seg til regelverket frå sentrale styresmakter når det gjeld kven som skal testast.
– Eg forstår at folk kan verte frustrerte. Men me må halde oss til reglane for kven som skal testast slik at ein ikkje går tom for utstyr til å gjennomføre testane. På grunn av det er det berre folk i risikogrupper som vert testa, seier Fjeldheim.
LES OGSÅ: Foreldre slepp å betale for SFO og Barnehage som er stengt
LES OGSÅ: Innfører karantene for reisande i delar av Sør-Norge