Regjeringa har avgjort at det skal innførast pant på tomme toalettrullar etter den storstilte hamstringa ved coronautbrotet i Norge. Det er frykt for at produsentane ikkje greier å produsere nok til å etterfylle sentrallagera.
– Det er kritisk for produsentane. Det er nok papir, men det manglar papprullar å ha papiret på, seier leiar i produksjonskomiteen på Stortinget, Vadle Karlsen.
Toalettrullane kan leverast ved næraste panteautomat frå og med i dag. Etter eit intenst arbeid fekk ein avklart at dei same panteautomatane som ein brukar til flasker kan brukast.
– Det fine med desse automatane er at det ikkje spelar noko rolle kva veg ein puttar inn flasker, eller i dette tilfellet, rullane. Ein treng ikkje tenke på at ein må putte rullane inn med botnen først. Det gjer at pantinga går raskare, seier Karlsen.
I første omgang får ein 2,50 kroner per rull i pant. Det er venta at panten kan auke etter kvart dersom behovet skulle tilseie dette.
– Det er ikkje så nøye kva det kostar. Det viktigaste er at me får nok toalettrullar slik at me får produsert meir, seier Karlsen.
Skal samle inn
Dersom produksjonskomiteen ikkje får inn nok toalettrullar med panteordninga er neste steg å gå til tvungen innsamling. Det vil då verte sendt ut personar som skal banke på kvart hus og krevje inn tomme toalettrullar. Dersom ein nektar å levere rullane vil det føre til gebyr.
– Den største risikoen me har i ein slik aksjonsform er smittefaren. Difor ber me alle husstandar som har mistanke om, eller har bekrefta smitte i huset om å hengje ei raud stjerne på ytterdøra slik at våre innkrevjarar kan unngå smitte, seier Karlsen.
Er det verkeleg så prekært at ein må gå til det steget å krevje inn toalettrullar under trugslar om bøter?
– Ja det er blitt veldig prekært. Forsvarsdepartementet kjøpte alt toalettpapir som var å oppdrive nord for Trondheim i frykt for at det kunne bli mangel, seier Karlsen.
Hos Forsvarsdepartementet får Vestnesavisa opplyst at dei nytta seg av forkjøpsrett i tilfelle strid.
Kven er det de fryktar skal gå til strid no?
– Russland naturlegvis. Me veit at dei er glad i norsk laks, men dei har vist fleire gongar at dei ikkje ønsker å betale for den. Difor fryktar me at dei skal kome og okkupere norske oppdrettsanlegg, seier avdelingsleiar i Forsvarsdepartementet, major D. SaPang.
Han legg til at det norske sjøforsvaret har mobilisert og sett alle to fregattane sine i beredskap i tilfelle den russiske nordflåten skulle finne på å setje kursen sørover langs norskekysten.
– Dei skal få sjå kor farlege me er. Berre dei ikkje kjem med tankskip, seier SaPang.
Ventar stor pågang
Kjøpmann Trond Espen Berg forventar stor pågang og har gjort panteautomaten klar. Han er glad for at det kjem ei ordning slik at ein etter kvart kan få fylt opp toalettpapirlageret.
– Det var på tide at staten kom med ei ordning på dette. Me har hatt enorm pågang av kundar som vil ha toalettpapir. Førre veke måtte me selje heile lageret vårt av innpakkingspapir og bobleplast, seier Berg.
Tysdag føremiddag hadde han teknikarar på plass for å klode om autmaten slik at den ikkje berre les strekkodar, men også kan måle storleik og fasong på det som vert panta.
– Det var naudsynt for at automaten skulle akseptere toalettrullane. Etter kvart kan det også hende at me får panteordning på tørkepapirrullar, seier Berg.
Mindre julepynt
I bygdene i Vestnes er det faren for mindre julepynt frå barnehagane som er den store bekymringa.
– Kva skal me lage dorullnissar av no? Dei søte nissane som dei små innbyggjarane våre lagar kvart år og som foreldrene er pliktige til å seie er så fine, seier ein tilsett i ein barnehage i Vestnes.
Då Vestnesavisa spør ein liten gut som går i barnehage i Vestnes om kva han synest om at han kanskje ikkje får lage dorullnisse til jul, er svaret kjapt og kontant.
– Heilt greitt. Då kan eg heller sjå film, seier guten.
Ingen foreldre har ønska å gå ut med kva dei eigentleg meiner om dorullnissar i frykt for at ungane vert skuffa.
– Dei er jo «fine» då, seier ei mor før ho tenkjer seg om og korrigerer seg sjølv med at dei eigentleg ikkje er det, men at ein må seie det for det har dei tilsette i barnehagen sagt at ho må fortelje ungane.