Fire nye personar har fått påvist smitte i Vestnes. Det er snakk om tre gjestearbeidarar i VARD, og ein innbyggjar i Vestnes som har vore i utlandet.
Personen som but i Vestnes vart testa ved ankomst til Vigra på veg heim frå utlandet. Han vart henta på flyplassen av ein privatperson. Vedkommande skal vere symptomfri og sit i isolasjon. Nærkontaktane er i karantene og smittesporinga er i gang.
Tre gjestearbeidarar som kom til VARD sin brakkerigg på Trohaugen nyleg som testa positivit er også i isolasjon. Det er snakk om tre personar i same reisefølgje og alle skal vere symptomfri.
Ingen av dei smitta har vore i butikkar eller i kontakt med lokalbefolkinga i følgje ei pressemelding frå Vestnes kommune.