Vestnesavisa
1 minutt lesetid

Enda eit smittetilfelle av covid-19 i Vestnes

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Det er i dag påvist koronasmitte hos ein person i Vestnes kommune. Det er ein tilreisande arbeidar i Rauma Sætre AS som nyleg har ankome brakkeriggen på Daugstad.

Saka held fram etter annonsen

Personen vart testa onsdag og er retesta i dag, han er symptomfri. Vedkomande er no i isolasjon, og nærkontaktane på brakkeriggen er sett i karantene.

Vedkomande har vore i arbeidd i eit lukka miljø sidan ankomst.

Verksemda og kommuneoverlegen har gjennomført smittesporing.