Ein person som er busett i Vestnes har fått påvist Covid19-smitte. Kriseleiinga arbeidar med å setje i verk naudsynte tiltak for å avgrense smitta.
Vestnes kommune melder at det første påviste smittetilfellet i Vestnes no er stadfesta. Det er snakk om ein mann i slutten av tenåra som har testa positivt for Covid19.
Kriseleiinga i Vestnes utset opninga av barnehagane til måndag. Dei skulle etter planen opne i morgon.
– Me utset ikkje opninga fordi me trur at vedkommande har smitta andre. Det er eit ledd i smittesporinga me no arbeider med og me vel å vere føre var, seier ordførar Geir Inge Lien til Vestnesavisa.
Det vert no jobba iherdig med smittesporing og personar som har hatt kontakt med mannen som er smitta vert sett i karantene.
– Me valde å utsetje opninga av barnehagane sidan me ikkje har full oversikt over situasjonen og opninga var så tett på. Me har ingen indikasjon på at vedkommande har smitta barn, seier administrasjonssjef Kristian Skålhavn.
Kriseleiinga ønskjer ikkje å opplyse om kor i Vestnes vedkommande bur.
Etter det Vestnesavisa har fått opplyst er smitten spora til Oslo. Ein person som hadde vore på påskeferie hadde smitta vedkommande som no har testa positivt.
Det er så langt ikkje indikasjonar på at smitten har spreidd seg vidare, men det er ikkje heilt sikkert.
– Me kan ikkje garantere noko. Me testar no personar som har vore i direkte kontakt med vedkommande, og så må me ta det derifrå når me får svar på prøvane, seier ordførar Geir Inge Lien.
Stenger igjen
Kommunalsjef for skule og oppvekst, Paul Eidhamar, opplyser til Vestnesavisa at dei private barnehagane som opna i dag stengjer igjen.
– Dei private barnehagane stenger igjen i tråd med anbefalingane frå kriseleiinga. Dei hadde ope i dag, skriv Eidhamar i ei tekstmelding tysdag kveld.