Arbeidaren har vore i Norge sidan august, og kom til Vestnes på søndag. Arbeidaren har vore to dagar på arbeid ved verftet.
Vedkommande vart sett i karantene etter to dagar på arbeid. Han er no i isolasjon og nærkontaktar er sett i karantene.
Det var måndag og tysdag arbeidaren var på arbeid ved verftet. Han vart overflytta til karantene på Trohaugen tysdag kveld etter å ha blitt informert om at han har vore nærkontakt til ein smitta person som arbeider i ei anna kommune i Møre og Romsdal.
VARD utførte i følgje ei pressemelding frå Vestnes kommune reinhald og desinfeksjon av områda arbeidaren skal ha opphalde seg på.
Testing vart utført onsdag kveld og prøvesvar var klart torsdag ettermiddag. Arbeidaren skal vere symptomfri og sit no i isolasjon.
Etter smittesporinga var gjennomført vart 16 nærkontaktar frå same leverandør overflytta til Trohaugen for karantene. Dei vil bli testa fredag morgon, og VARD gjennomfører ekstra reinhald torsdag kveld på dei områda der nærkontaktane har arbeidd.
Sidan smittesporinga er gjennomført får VARD Langsten halde fram med arbeid som normalt fredag.