Vestnesavisa
3 minutter lesetid

Ammoniakklekkasje ved Solstrand verft – politiet evakurerer bebuarar i nærleiken

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

To personar har blir eksponert for ammoniakk ved Solstrand verft. Brannvesenet jobbar med å lokalisere lekkasjen, medan politiet evakuerer bebuarar og anna personell som befinn seg nærmare enn 300 meter frå verftet.

Det er i underkant av 40 bebuarar som bur i det aktuelle området. I tillegg er det eit ukjent antall arbeidarar og andre personar som no blir evakert ut av 300-metersona.

Saka held fram etter annonsen

Førebels er årsaka til lekkasjen ikkje kjent.

Kristestab

Vestnes kommune har sett krisestab og har planane klare om dei evakuerte treng overnatting. Da vil dei bli innlosjert på Vestnes Fjordhotell.

– Det me veit er at det er to personar som skal vere eksponert for lekkasjen, og dei er ivaretatt av helsepersonell, fortel ordførar Geir Inge Lien på telefon med Vestnesavisa.

Ingen eksplosjonsfare

Lekkasjen skal komme frå ein 45 meter lang og 8 meter brei fiskebåt som ligg i dokk.

Sikkerheitssone: Personell som befinn seg nærmare enn 300 meter blir evakuerte.

– Det er ikkje eksplosjonsfare, men gassen er giftig og kan gi ubehag i friluft og kvelning ved inntak av større mengder innomhus, opplyser politiet.

Det skal vere liten risiko for at busetnaden er bebrørt, da vindretninga er gunstig.

Politiet ber om at bebuarar i området lukkar vindauge for å unngå å bli eksponert av gass som blir ført med vinden.

Kl. 20.15 melder politiet at tanken er tømt, og det ikkje lenger er fare for omgivnadane. Evakueringen er derfor oppheva.