Alle som kjem reisande til Vestnes frå Sør-Norge vert no sett automatisk i karantene. Det har kommuneoverlegen i Vestnes bestemt i dag.
Vedtaket gjeld alle reisande frå Oslo, Agder, Rogaland, Viken, Vestfold og Telemark, Vestland og Innlandet sør for Dovre. Vedtaket gjeld frå måndag 16. mars og har tilbakevirkande kraft til 10. mars. Områda vedtaket gjeld kan endrast om situasjonen endrar seg i følgje Vestnes kommune.
Reisande som ikkje har symptom kan reise til planlagt opphaldsstad, men bør under reisa så langt det lar seg gjere halde avstand til andre personar. Reisande som har symptom skal umiddelbart i isolering, og kan ikkje bruke offentleg transport. Leiarar av verksemder som er lista etter Direktoratet for Samfunnssikkerhet og Beredskap sin definisjon av samfunnskritiske funksjonar vert gitt adgang til å gjere unntak for eige nøkkelpersonell når dette er strengt naudsynt for å oppretthalde drift av kritiske samfunnsfunksjonar.
Uvisst kor mange
Forenkla sagt, har ein vore på reise i Sør-Norge dei siste dagane, skal ein i karantene. Vestnes kommune har ingen oversikt over kor mange dette eventuelt gjeld. Folk som reiser til områda som er nemnt over, må pårekne to veker karantene ved heimkomst.
– Me har ikkje noko moglegheit til å fange opp kor mange som har vore, eller er i dei områda som er nemnt i vedtaket no. Men me ber innstendig om at dei som har vore i desse områda etterkjem karantenepålegget, seier ordførar Geir Inge Lien til Vestnesavisa.
Kriseleiinga jobbar vidare med å finne ut kva tiltak som eventuelt vil bli sett i verk i tida som kjem for å førebu seg best mogleg.
– Me ser at smittesituasjonen er på veg inn i ein ny fase. Me prøver å ligge i forkant med nye tiltak for å unngå smittespreiing til Vestnes, seier Lien.
Ingen smitta
Så langt er det ikkje registret smitta personar i Vestnes. Vestnesavisa er kjent med at det er fleire som ligg heime sjuk men som ikkje vert testa.
– Både eg, og fleire eg kjenner har lagt sjuke med influensa lik corona lenge. Men me får ikkje bli testa før me eventuelt vert innlagt på sjukehus med pustevansker. Eg kan jo potensielt ha smitta andre gjennom min jobb i barnehage, skriv ein lesar som ønskjer å vere anonym i ein e-post til redaksjonen.
Vedkommande legg til at dette også gjeld eitt av barna i familien som har vore på skule og skulefritidsordning.
– Om ein skal få slutt på smitte, burde ein ikkje då også teste dei som er veldig influensasjuke men framleis pustar greitt, spør vedkommande avslutningsvis i e-posten.
Kommuneoverlege Jan Håkon Fjeldheim seier til Vestnesavisa at det er innført strengare krav til kven som vert testa fordi ein byrjar å gå tom for testutstyr.
– Laboratoria må spare på utstyret for å vere sikker på å ha nok. Per no føl me retningslinene frå Folkehelseinstituttet og testar berre helsepersonell og dei som har vore i nærkontakt med ein kjent smitta, eller personar med symptom som er i risikogrupper, seier Fjeldheim.
Han vedgår at det kan vere smitta personar i Vestnes ein ikkje veit om enn så lenge det er avgrensingar på kven dei kan teste for Covid19.
– Me vil uansett ikkje greie å spore smitteveg lenger, og då er det beste slik situasjonen er no, at folk som er sjuke held seg heime, seier Fjeldheim.