Frå og med fredag morgon er alle barnehagar og skular i Vestnes kommune stengt som ein del av forsøket på å avgrense smitte av Covid19-viruset. Stenginga gjeld i første omgang for fjorten dagar.
Stenginga av skulane kjem etter instruks frå Folkehelseinstituttet og regjeringa. Det er innført strenge tiltak som vil råke heile samfunnet.
Skulestenginga vil føre til at foreldre må vere heime med barna og dermed vil ha avgrensa moglegheit for å gå på arbeid. Kva dette vil føre til på lang sikt er det vanskeleg å spå. Så langt er det ingen registrerte smittetilfelle i Vestnes.
– Me har per i dag ingen smitta i Vestnes. Men me reknar med at Vestnes vil få smittetilfelle. Det er ikkje realistisk å tru at me slepp unna, seier ordførar Geir Inge Lien til Vestnesavisa.
Han oppmodar innbyggarane til å følgje instruksar og råd frå styresmaktene og vise omsyn til andre.
Hektisk arbeid
Kriseleiinga i Vestnes har arbeidd meir eller mindre utan opphald sidan spreiinga av Covid19 var eit faktum. Første møte i krisestaben i Vestnes var tysdag for halvanna veke sidan, og sidan då har det vore mange møte.
– Me jobbar intenst med å få full oversikt og leggje best mogleg til rette for dei som er råka, seier Lien.
Vestnes kommune arbeider også med å kartleggje kva ressursar som kan vere tilgjengelege dersom situasjonen vert verre. På nettsidene sine etterlyser Vestnes kommune personar med helsefagleg bakgrunn til å melde seg. Dette vert gjort for å ha ei viss mengde folk å be om hjelp til å bistå dersom tilsette innan helse- og omsorgssektoren enten vert sjuk eller vert sett i karantene.
– Me har hatt god respons. På kort tid melde over 20 personar seg i ettermiddag. Me er svært glade for at så mange stiller opp, seier Lien.
Han fortel at Vestnes kommune er interessert i tilbakemelding frå både personar med helsefagleg utdanning og helsefagleg erfaring. Ein treng med andre ord ikkje ha utdanning innan helsefaglege fag for å melde seg til teneste.
– Det er mange oppgåver som skal løysast, så me treng folk med erfaring. Det er det viktigaste, seier Lien.
Store utfordringar
I tida som kjem vil både næringsliv og privatpersonar oppleve til dels store utfordringar. Innan næringsliv kan det gå ut over både arbeidssituasjon og framtida. Privatpersonar kan få utfordringar knytt til økonomi dersom dei vert ståande utan moglegheit for å arbeide. Regjeringa har vore vage med kva tiltak dei eventuelt vil setje inn for å kompensere for dette. Regjeringa har sagt at personar som må vere heime frå arbeid på grunn av stengte skular vil ha krav på omsorgspengar for å vere heime med barna dersom dei ikkje kan ha heimekontor og av den grunn taper inntekt.
Så langt har det ikkje kome informasjon om at lokale bedrifter har vanskar på grunn av dei store restriksjonane. Arbeidet med helsehuset Stella Maris går som planlagt inntil vidare.
– Det har så langt ikkje kome melding om karantene blant nokon av dei som arbeider på Stella Maris. Så foreløpig går arbeidet der som planlag. Eg har heller ikkje høyrt noko om at andre bedrifter har problem på grunn av restriksjonane som har blitt innført, seier Lien.
Mange arrangement er blitt avlyst etter råd frå Folkehelseinstituttet.
Kan få SFO/Barnehage
For tilsette i samfunnskritiske funksjonar vil det vere mogleg å be om å få nytte tilbod ved skulefritidsordning og barnehage.
Samfunnskritiske funksjonar er definert til å vere:
- Styring og kriseleiing
- Forsvar
- Lov og orden
- Helse og omsorg
- Redningsteneste
- IKT-sikkerheit i sivil sektor
- Natur og miljø
- Forsyningssikkerheit
- Vann og avløp
- Finansielle tenester
- Kraftforsyning
- Elektroniske kommunikasjonstenester
- Transport
- Satelittbaserte tenester
- Apotek
Så langt har ikkje Vestnes kommune eller kommuneoverlegen bedt om å få spesifisert tiltak som er innført ved private bedrifter i Vestnes. Det har vore drøfta, og det kan kome førespurnad om dette etter kvart.
– Dette er noko me har diskutert, men ikkje innført på noverande tidspunkt. Me veit at det er fleire bedrifter som har innført ulike tiltak, men me har ikkje oversikt over kva tiltak den enkelte bedrift har sett i verk, seier Lien.
Vestnes kommune legg ut fortløpande informasjon om coronasituasjonen på sine nettsider.