Tomra Engineering – ei lita bedrift i ein stor bransje

Året er 1997 og Tomra Engineering ser dagens lys. Planen var å drive konsulentverksemd med skipsdesign og andre tenester til den maritime næringa. I dag arbeider selskapet med båtar i nesten alle storleikar.
Eventyret starta som ein underleverandør til andre verft og konsulentselskap. Kundelista inneheldt nesten alle dei store skipskonsulentselskapa i landet.
– Leveransane bestod for det meste av hovudteikningar. Til verft leverte me ofte teikningspakkar og leidde ut nøkkelpersonell til ulike prosjekt, seier dagleg leiar Roy Frostad.
Eigne design
Etter kvart kom Tomra Engineering meir i direkte kontakt med reiarlaga. Då opna moglegheiten seg til å levere eigne design.
Den første båten som vart bygd etter design frå Tomra Engineering var Fosnakongen. Den vart levert frå Salthammer Båtbyggeri til reiarlaget Abyss AS i Kristiansund i mars 2015.
Dette var den første av til saman fem båtar som har blitt bygd hos Salthammer Båtbyggeri der Tomra Engineering har stått for designet. I tillegg har dei levert design til ni andre båtar ved fleire andre verft.
– Me har levert 14 design dei siste seks åra. Alle båtane er bygde ved verft i Møre og Romsdal. Me prøver også i så stor grad som mogleg å påverke kundane slik at lokale utstyrsleverandørar vert valt til våre design, seier Frostad.
Designa frå Tomra Engineering er ofte til mindre båtar, gjerne arbeidsbåtar for oppdrettsnæringa. Men selskapet har også vore involvert i større skip. Mellom anna var selskapet involvert i designet til AKOFS Seafarer, gjerne betre kjent som Skandi Aker. Dette skipet er nesten 157 meter langt og 27 meter breitt.
– Me er framleis borti den båten av og til. Me gjorde mykje berekningar og «engineeringarbeid» på den. I tillegg var me inne på byggeoppfølginga, seier Fjørtoft.

Overlevd mykje
Opp gjennom åra har Tomra Engineering vore borti dei same utfordringane som mange andre i den maritime næringa. Børskrisar, finanskrisar, oljekrisar og no coronapandemien med dei utfordringane det kan gi. Men selskapet har ridd av stormen kvar gang.
– Framtidsutsiktene har alltid vore usikre i bransjen. Men me har overlevd alle krisane som har oppstått på verdsbasis. Mykje av grunnen trur eg er at me er små og fleksible og dermed ikkje får dei same utfordringane som større selskap gjerne får i krisetider, seier Frostad.
Når coronapandemien trefte Norge med eit brak i mars var det stengt kontor på Mathsonbygget på Vik. Dei tilsette hadde heimekontor, ei ordning som Frostad meiner fungerte godt.
– Me har ikkje merka coronakrisen direkte. Me praktiserte heimekontor i starten, men me merkar at kundane våre har hatt nokre utfordringar, seier Frostad.

No er han glad for at ordrebøkene er høveleg fulle. Og at dei er sikra arbeid i minst 18 månadar.
– Det er dei tjukkaste ordrebøkene me nokon gong har hatt, seier Karl Jan Fjørtoft.
Stabil arbeidsstokk
Det vesle selskapet på Vik har hatt ein stabil arbeidsstokk gjennom mange år. Den med kortast fartstid i bedrifta er inne i sitt 16. år.
– Det kan hende det er på tide å tenkje på generasjonsskifte og på å få inn litt ungt blod, seier Frostad.
På spørsmål om han vurderer å gi seg vert han meir tankefull før han svarer at det er nok ikkje heilt på tide enno.
– Men unge og gjerne nyutdanna ingeniørar ser verda på ein anna måte enn oss gamlekarane som har vore i bransjen i årevis. Eg trur det er sundt for ei bedrift å sleppe ungdomen til. Det gir framgang og nye tenkemåtar, seier han.