VARD har gjennomført over 3 000 coronatestar sidan sommarferien. Reknar ein heilt tilbake til mars er talet mykje høgare. Testinga føregår ved brakkeriggen på Trohaugen.
– Me tilpassar rutinar fortløpande etter råd frå Folkehelseinstituttet og regjeringa, seier kommunikasjonsdirektør i VARD, Hege Akselvoll til Vestnesavisa.
I henhold til Covid-forskrifta skal alle som kjem frå eit raudt land vere ti dagar i karantene. Eventuelt så kan ein ta test ved ankomst, og det vert då gjennomført ein test til etter minimum fem dagar. Er begge testane negative kan dei då avslutte karantenaopphaldet.
– Etter forskrifta kan ein utføre arbeid mellom desse to testane, men i dei få tilfella vi benyttar oss av denne arbeidskorridoren tilrettelegg vi for et eige opplegg for desse, seier Akselvoll.
Tolv positive
Så langt i år har tolv personar testa positivt på VARD sitt anlegg på Trohaugen. I tillegg er det to personer som har testa positivt andre stadar og vart overflytta til Trohaugen.Desse personane vert då sett i isolasjon og nærkontaktar går rett i karantene.
– Sett opp mot kor mange me har testa, så har vi vore forberedt på at det kunne oppstå tilfeller med påvist Covid-19, men det har også vore målet å oppdage mulege smitta allerede ved ankomst for å unngå utbrudd på våre lokasjonar. Me tek kvart einaste tilfelle på største alvor, med brei smittesporing og tiltak for å hindre at nokon skal bli smitta . Me har derfor på eige initaitiv og kostnad iverksatt testing av samtlege som kjem i frå utlandet Me har og engasjert eigne helseteam som tar seg av testing og rapportering, og me samarbeider tett med kommuneoverlege Sabine Relling Bredeli. Vestnes kommune sender ut informasjon og pressemeldingar ved positive testar på vegne av både kommunen og oss, seier Akselvoll.
VARD har engasjert eit eige helseteam, som samarbeider med bedriftshelsetjenesten Medi3. I tillegg er det vakthald 24 timar i døgeret ved brakkeriggen. Alle som er i karantene må melde frå i vakta før dei forlet området.
Strenge reglar
– Dei som er i karantene har i følge helsemyndigheitene lov å gå lufteturar. Men dei skal ikkje oppsøke folk eller gå på butikkar. Vakta har difor til ein kvar tid oversikt over alle som har vore ute av riggområdet, seier Akselvoll.
Dette er svært viktig med tanke på eventuell smittesporing.
Personar som er i isolasjon får ikkje forlate romma sine på riggen. Det er til ein kvar tid minst ein rigg som står klar som isolasjonsrigg. Kva rigg dette er varierer
– Når ein har hatt tilfeller med positive Covid-testar, blir romma og riggen grundig nedvaska og desinfisert, seier Akselvoll.
Dei som er i isolasjon eller i karantene får all mat servert på rommet. Dei som ikkje er i karantene har eigne brakker og får maten servert i kantina. Dette vert gjort for å unngå risiko for smitte.
Mange nasjonalitetar
Fleire lesarar har ymta frampå for Vestnesavisa at dei er bekymra for om det kjem mange tilreisande frå enkeltland som testar positivt.
– Me kan ikkje gå ut med kva land dei smitta kjem frå av personverngrunnar. Men eg kan stadfeste at dei smitta har kome frå fleire land. Nokre land er nok meir utsatt enn andre, seier Akselvoll.
Det vert også opplyst at ingen av dei som har vore smitta har vore alvorleg sjuke. Alle har vore symptomfri ved ankomst, og nokon få har utvikla hatt lette symptom etter kvart.
– Eg er glad for at me har eige helseteam som tar godt vare på våre arbeidarar, og at me har eit godt samarbeid med Vestnes kommune, seier Akselvoll.
Ho legg til at dersom folk er begymra, kan dei ta kontakt med VARD for å få informasjon.
– Om nokon er bekymra eller lurer på korleis VARD handterer situasjonen, vil me gjerne at dei tek kontakt med oss, sier Akselvoll.
Auka smitte
Dei siste vekene har det vore ei auke i antal positive testresultat på Trohaugen. Dette kan i følgje Akselvoll ha to årsaker.
– Det var ei stor gruppe som kom no sist, der mange vart testa samtidig. Det kan også skuldast ei oppblomstring av smitte i utlandet. Det er vanskeleg å setje fingeren på den nøyaktige årsaka. Men me føl situasjonen tett. Eg er stolt over jobben helseteama gjer både på Trohaugen, Vard Langsten, og på andre verft og selskap i VARD-systemet, dei står verkeleg på for å ivareta alle, seier ho.